27. feb. 2017

Eiganesturen

Som nemnt i sundagslista, var me ute og gjekk tur i går, nærmare bestemt det ein kan kalle Eiganesturen. Inne på Stavanger kommune sine nettsider kan ein nemleg finne kart og forklaringar til femtito kvardagsturar, ein tur for kvar veke. Me har ikkje heilt oppdaga dette før no, og Eiganesturen er dimed den fyrste av desse dryge femti turane for vår del. Ruta er nesten 9 km., og ut i frå kor me bur, starta me turen med å gå opp til Vålandstårnet. Nydeleg vêr og utsikt :)


Ledaal, ein herregard på Eiganes som no er museum (og til tider kongebustad), var ein av plassane der me stoppa opp og titta litt ekstra. For det er ganske så fint der, eller kva?! Og med tanke på kor stas og gøy eg syntest det var å gå rundt blant alle dei fargerike husa i Notting Hill, blei eg litt ekstra glad då me innimellom alle dei grå og kvite husa såg hus måla i fine og friske fargar.


Snøklokker. Sukk, dei er like vakre kvart einaste år. Såg mange på vår veg i går, og innimellom såg me også nokre små, lilla krokusar titte fram. Vêret viste seg frå si beste side, og det var gøy å oppdage nye "stiar" i Stavanger. Akkurat passe sundagstur, og eg håper på fleire i løpet av våren.

26. feb. 2017

Tulipanar, snøklokker og ein symfoniorkesterkonsert

Februar er snart over. På onsdag er mars i gong, og våren er offisielt her. Det er så godt å kjenne at det går mot lysare tider, det gjer det enklare å stå opp om morgonen, eg får meir energi og humøret er generelt meir på topp. Elles kan eg ikkje påstå at det har skjedd så mykje nytt her denne veka; eg har jobba seks dagar, fått lese litt innimellom, gått nokre turar, kaffi (eit must) og på torsdag var me i Stavanger konserthus og høyrde på Stavanger symfoniorkester. Kjempeflott konsert med dyktige Sveinung Bjelland som solist! Kan vel ikkje anna enn å vere nøgd med den siste veka i februar, og eg håper at også di veke har vore fin. Veka mi oppsummert i ei liste kjem her:

✦ få ein minibukett med tulipanar av ein kunde på jobb rett før helga
✦ wombatar er så skjønne, og det er også denne koalaen
✦ SSO-konsert med Beethoven og Schumann på programmet
✦ søke om ferie to veker i juni
✦ tenk å berre dra bort til ein stad som denne ein sommar
✦ sol og blå himmel ved Filmteatret frå 1924 (som ligg vegg i vegg med Sølvberget)
✦ ein liten katt som møter si eiga skugge og eit trøtt, lite piggsvin
✦ lese ut Hr. Penumbras døgnåpne bokhandel
✦ denne lista med den mest undervurderte (instrumentale) filmmusikken
✦ sjå den fine og rørande filmen Like stars on earth (Taare Zamen Par)
✦ å ha ein katt som vil hjelpe deg med å gjere leksene
✦ spandere på oss eit glas vin i pausen i konserthuset og samstundes prate med nokre kjenningar
✦ "Byvandring i Bergen" – fine bilete frå ein Bergenstur inne hos June
✦ øve på John Williams-repertoaret med orkesteret
✦ rørande historie om ein draum og forventningar
✦ Jeg lar deg gå var den beste krimboka eg las i fjor; Jeg ser deg var nesten like bra
✦ eit blogginnlegg inne hos Julianne om kva sambaen har betydd for henne
✦ å gå Eiganesturen no i dag, ein av dei 52 kvardagsturane ein finn på stavangerkommune.no
✦ Synne sin podcastepisode nr. 12
✦ storslåtte før og etter-bilete av gatekunst
✦ snøklokker ute på tur, sjølvaste vårteiknet

25. feb. 2017

Flotte og fargerike hus i Notting Hill

Eit av punkta på lista mi då me besøkte London for ein månad sidan, var å bruke litt tid på å berre traske rundt i Notting Hill for å sjå på alle dei kule husa med så mange flotte og friske fargar. Og berre sjå så fargerikt! Eg blir så glad av syn som dette, skulle gjerne hatt fleire slik hus i nabolaget :)


Oransje, blått, raudt, kremkvitt, grønt og mint. Vakkert, og eg trur nok det er denne husrekkja som i mine auge var den finaste som me såg på vår veg. Ikkje for det, heile Notting Hill i mitt <3


Før me traska vidare, stakk me innom Amorino der me åt kvar vår knallgode gelato. Stakk også innom den herlege og artige butikken The Cross der me fann nokre julegåver (ha, ha, tidleg ute i år). Nokre dører hadde fått auge, og til og med garasjeportane og mursteinane var fargeklattar. Trur mannen min byrja å bli lei etter ei stund sidan eg stoppa opp for kvart lille skritt for å ta bilete ;) Men sånn går det når kvart eit hus og kvar ei dør er små kunstverk som ein ikkje får nok av.

24. feb. 2017

Bok + kaffi = perfekt morgon

Bøker og kaffi, eg får aldri nok! Denne veka har eg byrja seint på jobb nokre av dagane, og då har eg hatt tid til å slappe av med ein ekstra kopp med kaffi og ei god bok i fanget. Ei av bøkene eg har lese litt i, er bileteboka Jenny, skriven av Tore Renberg og illustrert av Lene Ask. Dei klare fargane, dei vakre akvarellstrøka. Ein herleg start på dagen, uansett om det er måndag, fredag eller sundag.

22. feb. 2017

Nokre smårestar frå London

God lillelaurdag, folkens! Her startar eg dagen med ein kopp kaffi trakta på nykverna kaffibønner og ei bok i fanget. Beste måten å starte ein ny dag på! Elles blir det jobb frå tolv til sju, så eg er vel ikkje heime igjen før halv åtte i kveld. Vil gjerne dele nokre bilete frå Londonturen som eg tok innimellom då me gjekk (eller tok tuben) frå stad til stad. Stasjonen på Paddington ser så fin ut med den store kuppelen og alle ornamenta, og så får eg sterke assosiasjonar til Agatha Christie-klassikaren 4.50 fra Paddington med Miss Marple i spissen ;) Store, vakre kyrkjer finst det overalt, og ved London Transport Museum måtte eg nok ein gong berre stoppe opp og sjå. Det blei jo eit obligatorisk bilete av ein rød telefonkiosk, og ved ei av dørene i den store, kvite bygninga ligg hotellet som me budde på. Håper me drar tilbake ein gong om ikkje så altfor mange år.

21. feb. 2017

Ikkje så mykje som skal til ♡

For akkurat ei veke sidan, var det Valentinsdagen. Me pleier ikkje å feire den noko særskilt, men me har av og til delt eit kakestykke på ein kafé, gitt kvarandre ei bittelita gåve eller eit kort. I år, kremt, hadde eg ikkje tenkt så mykje på det, og overraskinga var desto større då dette kortet stod på frukostbordet. Kjære deg, du er den aller finaste og du betyr så mykje for meg! Eg håper du veit det, at eg kvar dag vel deg, ikkje fordi eg må, men fordi eg vil – eg elskar deg. Takk for at du alltid er der, at du er ved mi side både i gode og dårlege stunder. Du får fram smilet i andletet mitt, latteren sit laust når du er nær. Det er ikkje alltid det skal så mykje meir til enn nokre vakre ord ♡

20. feb. 2017

"Nytt" kakefat

Dette er nok ikkje det mest originale prosjektet eg har halde på med, men då eg fann ut at februartemaet for Monthly Makers var loppis, var saka klar: eg skulle lage eit etasjefat (altså kakefat) av gamle tallerkenar. Eg har lenge tenkt på å lage eit slikt etasjefat, og eg har både hatt tallerkenane og delane til stativet liggjande i heimen i nokre år. Så det einaste eg mangal, var boren som ein bruker når ein skal bore i porselen. Brukte denne og denne "oppskrifta" som utgangspunkt for prosjektet (og eg må ærleg innrømme at eg fekk litt hjelp av min betre halvdel til å byrje med når det gjeld boringa). Alt i alt eit enkelt prosjekt med få delar, men ein må ha tolmod, for den boringa tok mykje lenger tid enn det eg trudde. Og høyrselsvern er ein grei ting å ha.


Då alle delane var sette saman, blei det til slutt slik. Må seie meg nøgd med resultatet, men de ter to ting: den nedste skåla er den tyngste og sjølv om den er mindre enn den i midten, måtte eg ha den nedst på grunn av tyngda. Difor blei det ikkje eit ordentleg etasjefat frå størst til minst. Det andre er at metalldelane er kjøpt rimeleg på ebay ein gong for nokre år sidan, og eg merkar at det gjer det heile litt mindre stødig enn det burde vere. Likevel blei resultatet fint i mine auge, og det var bra å få eit lite spark bak til å endeleg få gjort dette prosjektet som eg har hatt i tankane ganske lenge :)

19. feb. 2017

Filmmusikk på hjernen

Musikken som har kverna rundt i hovudet denne veka, har vore filmmusikk komponert av John Williams. Den enkle grunnen til det er at me no har byrja å øve fram mot konserten me skal ha med orkesteret 24. mars. Ein annan grunn er jo at musikken er fengande og når ein fyrst har høyrt den ein gong, dukkar det gjerne opp gong etter gong (slik har i alle fall eg det med hovudtemaet frå Indiana Jones, også det komponert av John Williams). Måndag til fredag var det jobb på biblioteket, både i Madla og i byen, og i går var eg korpsinstruktør på eit seminar med Bogafjell skolekorps. Travle dagar med andre ord, men eg har no fått tid til å lese, drikke nokre koppar med kaffi og nyte det fine vêret. Ei bra veke er snart slutt, og det er på tide å dele sundagslista:

✦ fyrste øving med John Williams-repertoar
✦ og apropos John Williams: høyre Trondheim symfoniorkester spele musikken hans
✦ at Wade Wilson (Deadpool) gjekk rundt med ein T-skjorte frå musikalen Rent
✦ eit tynt, tynt lag med is på Mosvatnet ein tidleg morgon
✦ bra romutnytting i ei lita leilegheit (og så mange vakre fargar)
✦ gå kveldtur på fredag der me såg Venus høgt oppe på himmelen, rett over Ullandhaugtårnet
✦ Top Hat frå 1935 med, jepp, Fred Astaire og Ginger Rogers
✦ å vere instruktør for nokre aspirantar
✦ Ruth si liste med gode gjenbrukstips
✦ nok ein gong ein vakker solnedgang over hustaka
✦ lese ut to barnebøker i samband med eit vurderingsmøte på jobb 13. mars
✦ få eit søtt valentinskort av min gode mann
✦ gammal videosnutt, men så morosamt då Raske Menn song si eiga versjon av "Se ilden lyse"
✦ presskannekaffi i ein finfin kopp frå House of Rym tidlegare i dag – ordentleg sundagsluksus
✦ ein sniktitt på prosjektet mitt i denne månadens Monthly Makers-tema
✦ le høgt av denne Gollum-parodien
✦ kose meg med den vakre diktsamlinga Sanne gleder

17. feb. 2017

Vålandsparken v2

Fem dagar sidan desse bileta blei tatt, men det kunne like gjerne ha vore i dag. Eller, det er litt meir sol ute no i dag, men elles ganske likt. Vålandsparken i februar er brun og grå, lite snø (ikkje for det – dagen før bileta blei tatt, låg det eit tynt, tynt lag med snø på bakken) og noko arbeid og graving for å fikse eit eller anna. Den grøne mosen nedst på trea står ordentleg i kontrast til det brune lauvet, og trea speglar seg i dei glasaktige benkane. I morgon skal eg vere korpsinstruktør på eit seminar, før sundagen nok ein gong blir ein finfin fridag. Då gjenstår det berre å seie "god helg".