17. nov. 2017

Vålandsparken v11

Okei, desse bileta er kanskje ikkje heilt representativt for november – det har nemleg regna ein del fyrste halvdel av månaden. Men måndag, då me tok ein tur i Vålandsparken, var det sol og fint vêr. For slik kan november også vere. No er det verkeleg lite lauv igjen på trea, men det som framleis heng så fint på greinene, er i herlege gule og oransje fargar. Gylne fargar, god hauststemning!

15. nov. 2017

Museumstur på eit slott

Slottet, eller palasset, i Budapest er enormt, verkeleg ingen tvil om det. I delar av bygget er det museum, til dømes historisk museum og nasjonalgalleriet. Etter å ha tatt kabelbana opp og sett litt på området rundt slottet, tok me turen inn og fann ut at me ville gå ein tur i sjølve galleriet.


I nasjonalgalleriet i Budapest (Magyar Nemzeti Galéria) finn ein kunst frå renessansen og fram til i dag, så her er det noko for ein kvar smak. Med andre ord mykje å sjå, men med berre ein audioguide og dei aller fleste skilt på ungarsk, må eg ærleg innrømme at det ikkje var alt som blei forstått ;) Men ei flott bygning og mange like flotte kunstverk og detaljrike var det likevel.


Før me kom oss ned frå høgda, titta me nok ein gong utover byen. Det er ein fin by, og kanskje særskilt når ein får sjå den med ei utsikt som denne. Me tok ikkje bana ned, men det går an å gå på ein sti rett ved, noko me gjorde (måtte jo i same slengen traske over ei av "bruene" som går rett over kabelbana). Turen ned var ikkje særskilt lang, og vel nede blei det trikk til marknadshallen.

14. nov. 2017

Den vakraste morgonen

Å få ein slik start på veka. Å vakne opp til ein himmel som dette. I går var ein slik morgon. Me sat og åt frukost då eg snudde meg og såg at gardinene var nesten lillarosa, og då eg opna balkongdøra, var det dette synet som møtte meg. Har jo opplevd det før, men kjem nok aldri til å bli lei.

13. nov. 2017

Haustfargar rundt Vannassen

Berre så nydeleg ute i går, så veldig herleg! Etter dagar med gråvêr og regn, dukka sola endeleg opp. Det blei berre ein liten tur rundt Vannassen, men det er jo likevel betre enn ingenting. Tenk å få oppleve solskinet blant dei gylne haustfargane, blant alt det gule, brune, knallraude, oransje. Solstrålar som skein så vakkert gjennom haustlauvet. Å få avslutte veka på beste moglege vis.

12. nov. 2017

Lesing og roleg morgon midt i veka

Mykje å dele i denne vekas sundagsliste. Veka har gått fort, slik som mange av vekene har gjort denne hausten. Eg har no likevel fått tid til å lese mykje, og det er noko med det å lese som gjer at eg senker skuldrene, slappar ordentleg av, til og med når det regnar som verst ute. For eg er ikkje den som alltid klarer å slappe av når det stormar ute – eg synest det er ufyseleg og kjenner at eg nærmast hutrar. Det har vore slik nokre av dei siste dagane, men i dag var det sol og blå himmel (og sjølv med litt forkjøling på oss begge, kom me oss ut ein liten tur). Dei neste dagane kjem til å gå i eitt med blant anna orkesterøving, jobb og quizkveld. Men no over til alle dei fine punkta på lista:

✦ roleg morgon midt i veka: bok, kaffi og P9 Retro på radioen
✦ denne videosnutten: "Harry Potter group chat"
✦ og endå meir HP: ein liten video som viser nokre av dei nydelege illustrasjonane i den illustrerte versjonen av boka Fantastic Beasts & Where To Find Them
✦ liten sundagstur rundt Vannassen i herleg solskin
✦ rørande bok skriven av Lars Ove Seljestad
✦ ønskjer å besøke Leadenhall Market i London når eg ser dette blogginnlegget hos Synne
✦ og det same med Island og Skorradalur når Anna Mariá deler så vakre bilete
✦ få unnagjort endå eit par julegåver
✦ regnboge midt i sentrum på veg heim frå jobb
✦ omtrent på den same plassen: det store og flotte treet med knallgule haustblad
"Ligger an til å bli en av tidenes musikalsuksesser" – me snakkar om Book of Mormon
✦ genser funne på loftet på Sola, nuperellesmykke laga av pantertante og store julelys på jobb
✦ feire farsdagen med god middag heime hos mamma og pappa
✦ følgje linjeturane til Bømlo folkehøgskule (tenk: heile åtte år sidan eg sjølv var ute på tur)
✦ er godt i gong med å lese den fyrste Anne-boka på engelsk og har ganske lyst til å oppleve dette
✦ at det framleis er knallsterke haustfargar å finne ute i naturen
✦ smakte ypperleg med heimelaga kaffe latte medan eg las i den søte boka Paris er alltid en god idé

10. nov. 2017

Ro og fred i starten av helga

Og slik kan det også sjå ut ein fredagskveld her hos oss. Eg skal vere aspirantinstruktør på eit seminar i morgon, så det blir ein avslappa ettermiddag i heimen, rett og slett ein roleg start på helga. Men det gjer jo godt også, berre ta fram strikketøyet, sjå litt i Bonytt (kanskje få inspirasjon til julepynting), høyre på musikk og senke skuldrene. Sitje under eit varmt pledd. God fredag!

9. nov. 2017

Budavári Sikló

Så rart å sitje å sjå på desse bileta no, bilete som viser ein blå himmel, sol og sommar. Utanfor stovevinduaget er det mørkt som natta, og innimellom er det både hagl, vind og regn. Akkurat som i Praha har også Budapest ei kabelbane opp til ein topp. Namnet er Budavári Sikló eller på engelsk Budapest Castle Hill Funicular. Det ligg med andre ord i namnet at kabelbana tar ein med opp til Buda slott. Dette er det historiske slottet og palasskomplekset der dei kongelege budde. Slottet blei fyrst ferdig i 1265, men den barokke stilen som er der i dag er frå 1769. Alltid litt stas og artig å kunne prøve ut nye transportmiddel, og det er jo ikkje så ofte at me tar kabelbane. Turen er veldig kort, men gøy var det no lell. Og berre sjekk ut stilen på vognane. Tøft og herleg!


Oppe på høgda fekk me sjå det meste av byen, for det var ei veldig bra utsikt (fekk vel ein slik utsiktstur i nesten kvar by me var i). Gamle og nye bygg, bruer og høgblokker. Biletet nr. tre viser ein del av slottet, og på det siste biletet kan ein skimte det majestetiske parlamentsbygget.

8. nov. 2017

Snartur opp til Ullandhaugtårnet

Roleg start på dagen i dag med lesing, kaffi og radio. Eg har jo seinvakt om onsdagane og då har eg tid til ein ekstra kopp med kaffi, ro til å setje meg ned med ei bok i fanget. Ro hadde me også på sundag. Trass i nokre regnbyer, kom me oss ut ein liten tur, opp til Ullandhaugtårnet. Ypperleg utsikt over den fine byen vår. Kontrasten mellom det lyse og det mørke på himmelen.


Framleis dukkar det opp vakre haustfargar sjølv om me no er i november, den månaden der det er som mørkast ute. Knalloransje og knallraudt. Treng slike små drypp med fargar. Eit møte med esla på veg heim var jo koseleg. Så var det heim til bok, kaffi og eit varmt pledd. Helg på sitt beste.

6. nov. 2017

Sølvberget 30 år

Hurra for bursdagsfest! Måndag er her og ei ny veke er i gong, men på laurdag tok me turen ned til byen for å vere på å feire at Sølvberget er tretti år. Litt rart å "berre" vere der som gjest (for nei, eg var ikkje på jobb akkurat då), men likevel veldig stas å sjå kor mange som hadde møtt opp og kor bra dei forskjellige etasjane no ser ut etter å ha blitt pussa opp og fått nye møblar og fargar. Me traska ned til byen og på veg ned blei det jaggu meg ein liten selfie ;) Vel framme var det ballongar overalt, kaféen var pynta med små, søte blomar og som eg nemnde i sundagslista synest eg den eine lesekroken er blitt så stilig. Eit bibliotek for alle, om du vil lese, låne ein data, studere, lage noko inne på den opne verkstaden Makerspace eller lese avisene medan du drikk ein kopp med kaffi.

5. nov. 2017

30-årsfeiring og 40-årsfeiring

Å feire både ein 30-årsdag og ein 40-årsdag i løpet av ei veke er ikkje kvardagskost. Okei, trettiåringen var vel å merke eit bygg og ikkje ein person, men likevel ;) November har starta bra med kjekke dagar på jobb, "nye" notar på orkesterøving (det er snakk om noko av musikken frå Nøtteknekkeren, så me har jo spelt dei før), nokre små gåturar i klart haustvêr og kjekke bursdagsfeiringar. Eg har også fått tid til både strikking og lesing og er difor nøgd med veka. Noko særskilt anna har eg ikkje å fortelje, så i staden for køyrer eg på med ei bra liste på tampen av veka:

✦ kose meg med å lese siste boka i serien om Carmen, Bree, Lena og Tibby (og eg blei litt rørt, ja)
✦ framleis artig å friske opp fransken med Duolingo
✦ byrje å få plass eit par julegåver
✦ "Scener frå ein 30-årsdag" – artikkel på aftenbladet.no om feiringa av Sølvberget
✦ stikke innom Sølvberget i går då dei feira 30 år med ballongar, muffins og nyoppussa lokale
✦ og apropos nyoppussa lokale: diggar leseplassen med gode stolar, blått teppe og grøne planter
✦ ein bra skriven tekst om det å ha små og store draumar også på kort sikt
✦ sundagstur opp til Ullandhaug der me møtte på esla og fekk ei bra utsikt over byen vår
✦ sykle forbi køen på Madlaveien sjølv om klokka var nærmare halv sju om kvelden
✦ sola som skin så varmt og fint inn i stova om morgonen, lyset som skaper skuggespel på veggen
✦ bileta frå Island inne hos Astrid – håper å reise tilbake ein gong, vere der lenger enn førre gong
✦ feire 40-årsdagen til ein kompis av mannen min med mange kjekke folk
✦ besøk av ein 6. klasse på jobb, noko som denne gongen berre var kjekt og hyggeleg
✦ tinge billettar til julekonsert med Ole Edvard Antonsen og Didrik Solli-Tangen i spissen
✦ tenne stearinlys i lyshuset om kvelden

3. nov. 2017

Eit "hallo" på ein fredag



Blir rett og slett ikkje lei musikken frå The Book of Mormon sjølv om det er ein dryg månad sidan me var i Oslo for å sjå den på Det Norske Teatret. November er her med både lyse og mørke dagar. Når det er mørkt, kaldt og trist ute, kan ein morosam song som "Hello" frå nettopp The Book of Mormon gjere dagen eit par hakk betre. Slik er det i alle fall for meg. Så her er den, opningssongen frå den kulaste musikalen. Passar ypperleg som ein start på den fyrste helga i november :)

1. nov. 2017

Over ei grøn bru

Ein av dei tinga som kjenneteiknar Budapest, er dei ni bruene som går over elva Donau, ja, omtrent som bruene over elva Vltava i Praha. Den grøne brua, Fridomsbrua, er ei av dei mest kjente. Me traska over brua i nydeleg vêr, mykje betre enn regnet og gråvêret som er her i Stavanger i dag.


Også i Budapest var det mange flotte bygg å sjå: det fargerike taket med det kule mønsteret (som altså er Marknadshallen), den grotteaktige kyrkja Sziklatemplom (Gellert Hill Cave), Gellertbadet og dei gule og kvite trikkane. Statuen i kollasjen er Fridomsstatuen som står oppe på Gellerthøgda. Me skulle eigentleg dit opp siste kvelden for å få ei veldig bra utsikt over byen, men vêret var ikkje på vår side. Kjipt, men då har me i alle fall ein god grunn til å reise tilbake ;) Nokre vil kanskje seie at me ikkje gjorde så veldig mykje den fyrste dagen anna å traske rundt i byen. Men det er jo slik ein blir kjent med ein ny plass, og etter dei timane på toget, var det godt å bevege oss, i vårt eige tempo. Blei etter kvart slitne i føtene (les: mine føter), og dimed gjorde det ekstra godt å finne ein falafel- og hummusrestaurant der me fekk kvile føtene og ete middag.