30. nov. 2016

Store smil og kakerestar

Store smil, mykje latter og nokre tårer. Halvanna år har gått, halvanna år sidan den aller finaste dagen, den dagen då me blei mann og kone. Ein dag me begge hugsar tilbake på med glede 


Sidan han er bortreist på sensoroppdrag, har me ikkje noko markering i dag. Men tidlegare denne månaden tok me fram resten av bryllaupskaka frå fryseboksen og koste oss med den. Og kaffi så klart. Begge delar servert på eit vakkert servise, kjøpt på Kyrjetorget. Og kaka var framleis god :)

29. nov. 2016

Adventstida er her

Adventsstjerna heng no i vindauget. Den lyser så fint, den gir varme til heimen når det elles er så mørkt rundt oss. Stjerna er den same som eg hadde hengjande på rommet mitt i barndomsheimen, den har vore med oss til Kr.sand og no her i Stavanger. Ei lita kvardagsglede å komme heim til når ein har hatt seinvakt på jobb. Julemusikken er på, julepynten er funne fram. Adventstida er her.

28. nov. 2016

Fyrste-sundag-i-advent-tur

Fyrste sundag i advent 2016. Ute strålte sola, det gjekk berre ikkje an å sitje inne heile dagen! På med yttertøy, joggesko, solbrillar og så bar det ut på vandring. Lyset var nydeleg, ja, magisk. Det var sol og blå himmel så langt auga kunne sjå. Turen gjekk til Ullandhaug (jepp, det er Ullandhaugtårnet på biletet over), så vidt innom botanisk hage og etter kvart heim via Sørmarka.


Frisk luft, sola som varma i andletet og lyset i skogen. Berre sjå kor vakkert. Det varme lyset, dei lange skuggane, det brune lauvet på bakken, ei solstrime på ei trestamme. Sundagstur på sitt beste.


Ein tur i ro og mak i skogen, på ein grussti og blant alle dei (framleis) vakre haustfargane.

27. nov. 2016

Solstrålar og fyrste sundag i advent ✨

Veka starta med solstrålar og jaggu meg var det ikkje det i dag også, den siste dagen i veka. Solstrålar og generelt lyset ute har vore små, men viktige, kvardagsgleder denne veka. Og sidan det no er fyrste sundag i advent, er adventsstjerna på plass i vindauget, og den gir jo også så vakkert lys. November har faktisk ikkje vore så mørk som det den pleier å vere. Det har vore ganske godt. Elles har det ikkje skjedd så mykje nytt her hos oss. Dagane går i eitt med jobb, små turar,  lesing, kaffi og te. Skriv nokre julekort innimellom og prøver å finne ut kva me kan ønskje oss til jul; me har jo det meste me treng. Vel. No skal eg berre ta det heilt med resten av sundagen med ei god bok, falaflar til middag og etter kvart kanskje ein film. Slik ser sundagslista mi ut denne veka:

✦ ny kaffikopp til å ha på jobben – diggar den allereie :D
✦ pønske ut ein adventskalender til mannen min
✦ ein utruleg nusseleg kattunge og denne saka om ein katt, kattungar og andungar
✦ peparkaker og klementinar i lunsjen på jobb
✦ å ikkje kjøpe noko anna enn daglegvarar på Black Friday
✦ så smått byrje å høyre på julemusikk
✦ lo godt av denne om "meklarpoesi", ei lenkje som ho eine tanta mi sende meg
✦ solstrålane som skein så nydeleg på dei fargerike bøkene på jobb måndagsmorgon
✦ og solstrålane som skein inn i stova vår i dag tidleg
✦ sjå Four Weddings and a Funeral
✦ quiz for ein barnehage på jobb (eg var ikkje quizmaster, men så kult likevel)
✦ lese i klassikaren Drep ikke en sangfugl og drikke kaffi i koppen frå House of Rym
✦ "Jakten på det långsamme livet" – eit fint, bra og viktig innlegg inne hos Sandra
✦ sol og blå himmel ein av dagane, og solstrålane på Clarion Hotel Energy
✦ skrive julekort
✦ vere datahjelpar i datahjelptilbodet me har på jobb
✦ gå sundagstur i nydeleg vêr, kjenne sola varme og framleis sjå klare og friske haustfargar

25. nov. 2016

Breiavatnet v11

Det er fredag, helga er her, og på sundag er det fyrste sundag i advent. Neste torsdag er det fyrste desember, noko som betyr at november snart er over. Det er tid for det ellevte blogginnlegget med bilete frå finaste Breiavatnet. Mange av dagane i november har vore solfylte, men onsdag førre vekke bøtta det ned. Folk gjekk med paraply, det var surt og kaldt, ja, ordentleg haustvêr.


Men berre nokre dagar etterpå var det strålande sol og temperaturen nokre hakk varmare. Fontenen er no stengt av for vinteren, men det var fint ved vatnet likevel. Solstrålane som traff vatnet, som skein på hustaka. Midt i byen. Rett og slett fint! Så satsar me på at det blir ei bra helg!

24. nov. 2016

Novemberhimmelen

I dag morgon. Sat og drakk kaffi og hadde litt tid før eg skulle av garde på jobb. Såg ut av vindauget, opp på himmelen. For eit fantastisk syn, og sjølv om eg snart måtte sykle, fann eg fram kameraet og tok nokre bilete. Vanskeleg å fange den vakre fargen, for den var hakket finare sånn på ekte.


Himmelen var like vakker då me sat og åt middagen vår i fire-tida. Son eg har nemnt ein del gongar før, så har denne hausten vore nydeleg og vakker. Eit syn som dette er ekte kvardagsglede og -magi.

23. nov. 2016

Ute i novembervêret

Mobilen er jo ofte med meg når eg syklar fram og tilbake jobben eller når me er ute og går ein liten tur i nærområdet. Ein god del av bileta eg tar med mobilkameraet, hamnar på Instagram, men det er jo kjekt å av og til samle nokre av desse i eit lite blogginnlegg, slik som i dag. Lyset ute har vore så vakkert den siste veka: på veg til jobb på laurdag, ute på tur oppe ved Vålandstårnet på sundag (og sjekk forresten utsikta) og månelyset ved Mosvatnet då me var ute og gjekk førre måndag.


Å komme fram til jobb og sjå opp på julelys på trea når det elles er grått og trist ute, det er kvardagsglede, det :) Og så var det alle haustfargane. Blir aldri lei, verken det gule, det grøne, det raude eller det brune som det er mest av no. Dei siste bileta er både frå Mosvatnet og frå Vålandskogen. Sukk. Det er ikkje alltid det er så mykje som skal til for å lyse opp ein grå haustdag :)

21. nov. 2016

Med ståltråd og bladmetall

I nokre år no har eg samla på slipte glasbrot, og det har etter kvart blitt ein del. Eg har mange idéar når det gjeld kva eg skal gjere med dei, men eg klarer likevel ikkje heilt å bestemme meg. Temaet denne månaden i skaperutfordringa Monthly Makers har vore metall, og då fann eg ut at eg kunne i alle fall bruke nokre av glasbrota til å lage smykke. Om ein søker på "sea glass jewelry" på nettet, finn ein mange forskjellige uttrykk, og eit av dei ser slik ut. Eg lot meg inspirere av denne og lagte nokre heilt enkle smykkeanheng av ståltråd og glasbrot. Kjempeenkelt, men samstundes så fint.


Noko anna eg også har tenkt på ei stund, har vore å lage serviettringar og bordkorthaldarar av leire. Ikkje at me kjem til å bruke dei så ofte, men det er kjekt å kunne pynte litt ekstra når me får gjester på besøk. Serviettringane kjevla eg ut i passe store bitar og skøytet endane saman så godt som eg kunne. Når det gjeld bordkorthaldarene, kom eg over denne som eg brukte som inspirasjonskjelde. Etter at alt hadde tørka, var det fram med pussepapiret (den keisame delen av prosjektet). I ei av hobbyeskene mine har eg lenge hatt to pakkar med bladmetall (eller bladgull), ein med gullfarge og ein med sølvfarge. Ved å bruke litt decoupagelim på små delar av serviettringane og bordkorthaldarene, var det "berre" til å leggje på bladmetallet og børste vekk det som blei til overs. Eg skriv "berre" fordi bladmetall er så tynt og porøst, så den jobben var enklare sagt enn gjort.


Før helga var omme, hadde eg dekorert fire av åtte serviettringar og det same med bordkorthaldarene; resten får eg ta denne veka. Utruleg vanskeleg å ta bra bilete når dagslyset ute er mørkt og grått, men de får no eit visst inntrykk av korleis resultatet blei. No må me berre invitere folk slik at me kan ta borddekorasjonen i bruk :) Dette er altså mitt MM-bidrag denne månaden.

20. nov. 2016

Ei nokså variert veke

Neste sundag skriv me faktisk fyrste sundag i advent. Rart at tida går så fort, trur aldri eg kjem til å vende meg til det... Men nok om det, det er jo berre slik det er :) Denne veka har det vore strålande vêr, det har vore vêr der det har bøtta det ned og me har til og med hatt ei lita haglskur. På jobb har det vore alt frå vanlege til travle dagar, det var ein dag med presentasjon av årets barne- og ungdomsbøker (IBBY 2016), noko som eg synest var både kjekt og matnyttig, og eg hadde laurdagsvakt på Madla i går. Eit middagsbesøk på Sola og ein tur til IKEA har me også fått tid til.
Ei variert veke med andre ord. Håper veka og helga dykkar har vore bra, det har det no vore her:

✦ vakre regndropar ute blant haustfargane
✦ får så god stemning av teksten og bileta i dette innlegget inne hos Kristin
✦ byrje på serien Victoria som akkurat no går på NRK
✦ vere på IBBY-presentasjon saman med mange av kollegaene mine
✦ den fyrste traileren til spelefilmen Beauty & The Beast som kjem neste år
✦ dette biletet av ein veldig vakker haustmorgon
✦ nydeleg morgonlys på veg til jobb i går før det byrja å plaske ned
✦ alltid ei lita glede å sjå ein søt katt som denne
✦ at eg faktisk leverte frå meg ei bok uferdig fordi eg aldri kom inn i handlinga
✦ tenne lys i ein finfin telyshaldar
vil gjerne sjå meir av "bokvandring"
✦ fortsetje å hekle på pleddet, noko som gir meg ei herleg ro
✦ eit fint, lite blogginnlegg om hausttear inne hos Ragnhild
✦ tur rundt Vannassen der me blant anna såg ein raudstrupe og eit ekorn
✦ heilt utruleg vakre steinar
✦ lage noko eg har tenkt på ei stund i samband med novemberteamet av Monthly Makers
✦ ete middag heime på Sola der me også fekk vore litt med den kulaste undulaten
✦ "Ett år av kärlek"
✦ sjå filmklassikaren My Fair Lady 
✦ fine, stemningsfulle vinterbilete inne hos Niina
✦ lese ut boka om bibliotekkatten Dewey Readmore Books; eg både lo og gret om kvarandre

18. nov. 2016

Tid for hekling

Dryge fem månadar har gått sidan eg var ferdig med mastergraden, heilt ferdig med både den store oppgåva og den munnlege eksamenen. Sjølv om det byrjar å nærme seg eit halvt år, er det framleis uvant å ha kveldane og dei fleste helgene ledige. Det er uvant å vite at eg ikkje treng å tenkje på å skrive på ei skuleoppgåve, lese pensum, møte opp på forelesningar. Etter kvart har eg kjent på at eg må ha noko å halde på med utanom å lese ei god bok eller sjå ein episode av ein TV-serie. Inspirert av denne oppskrifta fann eg ut at eg skulle lage eit pledd til å ha i stova, som ein kan bruke på kalde og mørke dagar. Har komme eit stykke på veg, og kaffi- eller tekoppen er aldri langt unna :) Koseleg å ha noko handarbeid å halde på med no utover hausten og vinteren. God helg, folkens!