16. des. 2016

Nissen på besøk på Madla bibliotek

Gjennom heile året, går me gjennom boksamlinga vår, hiv dei som er øydelagde og kasserer dei me har for mange av (Madla bibliotek er jo sånn sett "berre" ein liten filial og me har difor ikkje den største plassen). No i haust har me hatt ei endå større opprydding, og det har difor blitt nokre kasser med kasserte bøker. Som ei lita julegåve til alle dei fine kundane og gjestene våre, bestemte me tidlegare i haust at me ønskja å pakke inn ein god del av bøkene, skrive litt om dei utanpå og setje dei fram slik at folk kan ta dei med heim. Kanskje til seg sjølv eller kanskje til nokon dei er glad i som treng eller fortener ei ekstra gåve. Koseleg og litt ekstra stas å kunne glede andre :)

Legg igjen ein fin tanke