12. des. 2016

Julestemning i nabobyen

Laurdag føremiddag i gågata i Sandnes i desember. Ikkje stappfullt med folk, heller akkurat passe – ein gjekk ikkje i kø, men det var nok folk til at ein ikkje følte det var øde. Gata var pynta med julelys, ein kunne sitje i ei hestevogn (sjå hesten med den søte nisselua) og juletreet med ei stor stjerne øvst var på plass. Julestemninga kom sigande, og me fekk unnagjort mange av julegåvene.


Utan mat og drikke... Ein liten kaffitår måtte me ha midt i julegåvehandlinga. Etterpå var det ut i gata igjen, og der blei det meir julestemning med levande julemusikk og sjølvaste julenissen. Det gjorde eigentleg ikkje så mykje at det ikkje blei Egersund; det var ordentleg hygge i Sandnes også.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

sandra sa...

Åh, så mysigt!

Silje sa...

Me fekk ordentleg julestemning då me var der den laurdagen, ja :) Ønskjer deg og dine eit riktig godt nytt år!

Legg igjen ein fin tanke