10. des. 2016

Julepynta heim

Julepynten er plassert rundt om i heimen, for det aller meste i stova der me oppheld oss mest. Kvart år når me hentar pynten ned frå loftet, er det alltid noko småstæsj som me finn ut at "nei, dette passar ikkje inn her lenger". I år tok eg ein ordentleg rydderunde før me fekk plassert det me verkeleg vil ha, det som får fram julestemninga for vår del. Og her er det :) Det er ikkje så mykje, men for oss er det akkurat passe med pynt, og det står jo berre framme ein liten del av eit heilt år. Nissar med lue som går heilt ned til nasetippen må eg berre innrømme at eg er litt svak for ;)


I år blei det ikkje til at me gjekk ut og fann greiner som me kunne hengje juletrepynt på, men me har derimot tatt i bruk adventskalenderen til å hengje det på: kalenderen ser jo ut som eit tre, til å hengje pynt på. Akkurat passe enkelt og dekorativt. Med fine, små kubbelys og to enkle, kvite tre ved sidan av "juletreet", er spisestovebordet vårt fint pynta til førjulskos. Vår julepynta heim.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ragnhild sa...

Triveleg! Eg er enno ikkje komen so langt at eg har fått opp julepynten, og eg har i grunn ikkje heilt oversikt over kva som finst i huset og kor det passar å plassere det. Men no når eg ser kor fint de har fått det, fekk eg verkeleg lyst til å finne fram og pynte litt her òg. For det gjer jo førjulstida endå meir stemningfull!

Silje sa...

Så kjekk kommentar, Ragnhild! Tusen takk ^^ Det er ikkje alltid det er så mykje som skal til :) Eg ønskjer ikkje å proppe heimen full med berre julepynt, for me har ein god del andre ting som viser kven me er, ting og bilete som eg ønskjer skal vere der året rundt. Difor synest eg det er finast å pynte litt enkelt og ikkje overalt. Men noko julepynt må det vere, og som du seier så skaper julepynt ei eiga stemning. Julestemning og førjulskos er jo det beste med desember!

Legg igjen ein fin tanke