18. des. 2016

Jula er nær

Ein merkar at jula snart er her med julefest, julemusikk nesten døgnet rundt, julelys, julefilm, ja, de skjønner kvar eg vil hen. Her har me vore ganske så sosiale på fritida denne veka med både jobbfolk og vener; veka har berre floge av garde, og i morgon (sidan denne dagen snart er over) er det berre fem dagar igjen til julaftan. Me skal feire jula i Oslo i år, noko som blir rart, men også koseleg. Det er same gjengen som i fjor, med andre ord blir me sju til saman, og det er akkurat passe, det :) Snart er det på tide å slukke lysa, men før den tid er det fram med vekas sundagsliste:

✦ himmelen og lyset om morgonen på veg til jobb
✦ sjekk ut denne søte julekatten inne hos June
✦ lese i den vakre boka La meg synge deg stille sanger
✦ koseleg julekort i posten
✦ alltid like tøft og kjekt å lese historier som denne
✦ vere vertskap for phd-kollegaene til mannen min – ein veldig kjekk gjeng
✦ sjå Miracle on 34th Street no i helga
✦ ein morgonstund med julemagasin, julelys og ein kopp med kaffi
✦ julefest med jobben
✦ gode tips inne hos Sandra til korleis ein som par kan kommunisere betre og vere saman trass ulikskapar
✦ stikke innom ei veninne på førjulskos nokre timar etter jobb i går
✦ ny grumpenisse til samlinga vår (og denne er kjøpt av ein lokal kunstnar, noko som er ekstra stas)
✦ ta fram den siste Narnia-filmen og sjå den no i kveld
✦ bakedag med broren min
✦ feire årsdagen ein dag på etterskot med kafébesøk og It's A Wonderful Life på Cinemateket
✦ gå rundt Mosvatnet, hand i hand, sjå på lyset frå himmelen og frå bygningane
✦ klippe håret hos frisøren, så no er eg nyklipt og klar til julefeiring

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

neverendingcircles sa...

Fine juleforberedelser! Jeg gleder meg til ferie nå. Har ikke kommet helt i julestemning her, men regner med at det bedrer seg da jeg kommer hjem til mammas pyntede hus og får alt det som hører til jul der hjemme :) Ha en fin uke!

Silje sa...

Skjønner godt at du gleder deg til ferie. Den julestemninga er litt av og på for min del i år, for når ein ser ut, er det ikkje det spor "julete" (mao. ingen snø og lite frost). Men det hjelper jo med julekakebaking, julemusikk, fine julefilmar og nokre små julenissar rundt om i heimen. Ønskjer deg også ei bra og god veke ^^

Legg igjen ein fin tanke