5. des. 2016

Adventskalender til min kjære

Dette året hadde eg bestemt meg for å finne på noko anna enn den vanlege pakkekalenderen til min betre halvdel. Etter inspirasjon frå dette innlegget inne hos Synne, fann eg ut at eg ville lage ein sitatadventskalender med sitat henta frå filmar, TV-seriar og songar som me har sett eller høyrt og som betyr noko for oss. Leitinga etter passande sitat starta, og då tjuefire stk. var funne, var det berre til å printe dei ut og klippe dei slik at dei passa på den lille klypetavla. Til kvar side limte eg på små lappar med tal på (1-24) slik at dei fungerer som små luker. Bak luka skreiv eg kvar sitatet er henta frå. Kvar morgon finn han fram til riktig side, og før han opnar luka, må han jo gjette og prøve å finne ut kvar det gitte sitatet er henta frå. Den perfekte nedtellinga fram mot julaftan :)

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

neverendingcircles sa...

Så koselig og kreativt! Tipper han er fornøyd med den :)

Silje sa...

Så langt verkar han ganske så nøgd, og det er ei lita glede kvar morgon når me sit og et frukosten i lag :)

tea sa...

En fantastisk god idé! Så fint laget også ^^

Silje sa...

Enkelt, rimeleg og ganske så fint :) Tusen takk, Ida ^^

Legg igjen ein fin tanke