11. nov. 2016

Hauststemning frå dei siste vekene

Hausten er til vanleg verkeleg ikkje mi årstid – anten så er det slaps ute eller så regnar det sidelengs. I år har me vore heldige og det har vore så fint ute, så himla vakkert. Alle fargane, det gylne lyset, variasjonen mellom varme og kulde. Til og med eg har sette pris på hausten i år. Mobilen er jo ofte med meg i lomma, og eg tar dimed ein del bilete med mobilkameraet. Ikkje alle bileta endar opp på bloggen med ein gong, men her kjem nokre av dei sånn i etterkant. Øvst er det Vannassen om kvelden ein kveld førre veke, i midten skuggane og sollyset på den fine, gamle bygningen og nedst er det dei lange skuggane og alle blada på bakken på veg til jobben på Madla.


Så mange fargar, knallraude og gule blad, noko grønt innimellom, regndropane på blada, den knallblå himmelen og nok ein gong det varme, gylne lyset. Sukk. Kvardagsmagi og kvardagsgleder på sitt beste. Null jobb i helga, berre eit kinobesøk, slappe av med lesing og ein liten gåtur.

Legg igjen ein fin tanke