28. nov. 2016

Fyrste-sundag-i-advent-tur

Fyrste sundag i advent 2016. Ute strålte sola, det gjekk berre ikkje an å sitje inne heile dagen! På med yttertøy, joggesko, solbrillar og så bar det ut på vandring. Lyset var nydeleg, ja, magisk. Det var sol og blå himmel så langt auga kunne sjå. Turen gjekk til Ullandhaug (jepp, det er Ullandhaugtårnet på biletet over), så vidt innom botanisk hage og etter kvart heim via Sørmarka.


Frisk luft, sola som varma i andletet og lyset i skogen. Berre sjå kor vakkert. Det varme lyset, dei lange skuggane, det brune lauvet på bakken, ei solstrime på ei trestamme. Sundagstur på sitt beste.


Ein tur i ro og mak i skogen, på ein grussti og blant alle dei (framleis) vakre haustfargane.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

neverendingcircles sa...

Så fint! :) Det er en helt egen ro i skogen altså.

Silje sa...

Veit akkurat kva du meiner! Det er ei heilt eiga ro i skogen blant høge tre og gruslagde stiar :)

Legg igjen ein fin tanke