17. nov. 2016

Ender, ekorn og enkle kvardagsgleder

Godt å komme oss ut før regnet datt ned, før mørket kom sigande. Han hadde heimekontor i dag og eg skulle ikkje på jobb, så eit par timar etter frukost, tok me oss tid til å gå ein liten tur rundt Vannassen. Nei, eg veit at det ikkje er den lengste turen, men på slike dagar der regnet og mørket er rett rundt hjørnet, er det viktigaste for oss å komme oss ut, kjenne litt frisk luft, bevege kroppen, lufte tankane. Me var ikkje heilt aleine der me gjekk, for det var andre som også var ute gjekk, endene svømte så fint i vatnet og eit ekorn leita etter mat på bakken og hoppa høgt frå tre til tre.


Sjølv om dei aller sterkaste haustfargane er borte og dei fleste av blada ligg på bakken, fann eg mykje fint å rette på auga og kameraet mot: nokre tre med haustgule blad, eit minitre med flerifarga blad, regndropar på ei grein og regndropar på eit brunt blad på bakken. Ikkje at regn er det vêret eg liker best, men å sjå regndropane hengje eller liggje der som små perler, det er kvardagsglede, det. Og også ørlite kvardagsmagi. Ein liten tur midt på dagen ein hausttorsdag.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ragnhild sa...

So fine ande- og ekornbilete! Eg har hatt ein liten stokkandflokk i hagen i haust, men dei er sopas ville at eg knapt kan gå bort til glaset utan å skremme dei vekk. Og langt mindre fotografere dei!

Det er so lett å gløyme kor godt det gjer å kome seg ut når ein kan no når dagane er so korte, men det er utruleg kor oppfriskande det er.

Silje sa...

I løpet av hausten har me sett både ekorn og rådyr nokre gongar, i tillegg til endene og svanene i Vannassen og i Mosvatnet. Og om ein tar med det bra vêret som har vore her dei siste månadane, har det vore ein veldig fin haust. Tusen takk for alle dei gode kommentarane du legg igjen her, Ragnhild! :D

Legg igjen ein fin tanke