12. okt. 2016

Sjekk desse dansetrinna!



Her heime har me jo ein laurdagstradisjon: om kvelden dei laurdagane me er heime, prøver me å sjå gamle filmar som for det meste er kategorisert som musikal eller komedie (drama og andre sjangrar er så klart også med viss me finn ein film me verkeleg har lyst til å sjå). Eg har tidlegare skrive litt om "prosjektet" i dette blogginnlegget :) Den filmen me såg no på laurdag, heiter Stormy Weather (frå 1943), og dansescenen er henta derifrå. Berre sjå på dei dansetrinna, og for nokre spagatar! Er så tøft, i alle fall i mine auge. Her blir det te og mykje prat med ei veninne i kveld :)

Legg igjen ein fin tanke