19. okt. 2016

Mosvatnet og kunstmuseet ein laurdag i oktober

Kvar gong eg syklar til jobb på Madla, syklar eg gjennom ein del av Mosvatnet. Kvar gong syklar eg forbi denne utsikta og denne alléen, men på sykkel på veg til jobb er det sjeldan eg har tid til å stoppe opp, berre sjå. Ta det inn over meg. Det gjorde eg derimot på laurdag då han fine og eg gjekk rundt vatnet. Utsikta, knallblå himmel, fargane på blada. Og så veit eg ikkje kva "betongsteinane" skal førestille, men Potter-fan som eg er, fekk eg ein liten assosiasjon til Trollmannssjakk ;)


Etter å ha gått ein runde, tok me turen bort til Stavanger kunstmuseum. Kvar laurdag er det fri entré, og etter dryge to år med museet i gåavstand, var det på tide at me kom oss dit bort. Fram til fyrste helga i november er det ei utstilling på museet som heiter "Look what the bird found", ei utstilling som viser fram dei detaljerte og varierte verka til Per Dybvig. Rett og slett stilig, og eg må seie at eg diggar streken hans som finst i barnebøker som Svein og Rotta og i biletebøkene om Reven og grisungen. Kjekt å bruke ein del av laurdagen på ein liten gåtur og ein museumstur.

Legg igjen ein fin tanke