28. okt. 2016

Livet og kvardagen etter studiet

I slutten av juni posta eg dette innlegget. Eg ville vere ærleg om korleis kvardagen med masterstudiet eigentleg var, for då det stod på som verst, var det ikkje noko særskilt, verken det eine eller det andre. No er det heldigvis mykje betre, men det har tatt tid. Veldig klisjé, men eg har hatt ei kjensle av å "ha mista meg sjølv." Ikkje for det, ein person er stadig i endring og eg visste nok ikkje heilt kven eg var eller kva eg ville med studiet sånn hundre prosent før eg byrja. Men i løpet av masteren blei det i alle fall ikkje betre! Då sommaren kom, var eg heilt ferdig. Det gjekk greitt å ha nokre timar på jobb, slappe av med ei god bok, gå turar, sjå ein film, men elles var det tomt. Etter kvart blei det i tillegg ferie. Å komme oss vekk frå byen, vere på farten med bil, buss og båt i nesten tre veker, gjorde veldig godt. Oppleve noko heilt anna, treffe kjentfolk, senkje skuldrene.

Plutseleg kom august og eg visste ikkje kor eg skulle gjere av meg. Null oppgåver som skulle skrivast, null lesing av pensum, berre jobb på timebasis. Omgangskrinsen min her i byen er ikkje den største. Eg har hatt dagar der kroppen har vore ein plass, hovudet og tankane ein heilt annan. Utavmegsjølv-oppleving. Tårene har vore der meir enn normalt. Men no, dei siste vekene, kjenner eg at det har byrja å komme seg. Ting fell på plass. Skulle gjerne hatt ei stilling på hundre prosent på jobb, for eg er nok ein person som aller helst liker rutinar, å kunne vere førebudd på kva som ventar neste dag eller veke. Samstundes er det veldig kjekt å jobbe slik eg gjer no, for det blir ulike oppgåver dag for dag og ein variert jobbkvardag, noko som er spennande :) Nok skribleri om studiet no, for eg er ferdig, heilt ferdig, vitnemålet kom nettopp i postkassa og eg kan vere nøgd.

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Selv om situasjonene våre ikke er helt like, så kjenner jeg meg igjen i mye av det du sier her. Det skal ikke være enkelt, men jeg er glad for å høre at det går bedre! Det tar litt tid å bygge seg opp igjen, men det går heldigvis an, man blir ikke liggende i gropa resten av livet. Men det tar tid før det "normaliserer" seg igjen, så noen ganger kan det føles ut som det tar en evighet og at man ikke beveger seg i noen retning. Gratulerer med vitnemål! Så gøy å få slike ting i posten, husker jeg kniste hele veien hjem fra post-i-butikk da jeg fikk bachelorvitnemålet mitt. Stor klem til deg <3 håper du får en fin helg, Silje!

Silje sa...

Kjære, fine Ida! Slike kommentarar varmar alltid, så tusen, tusen takk <3 Aldri kjekt å høyre at andre også har det tungt, men det gjer jo på ein måte godt å høyre at ein ikkje er aleine. Trur helga blir bra, og håper at det blir di også! Superklem <3

Kake sa...

Hei! Jeg er innom og leser litt sporadisk på bloggen din, og kan tenke meg at det er vanskelig å gå fra en studiehverdag til at studiene er over. Jeg er glad for at du har det bedre nå. Gratulerer så mye med endt studieløp og lykke til videre! <3

Silje sa...

Alltid godt med slike varme og fine kommentarar! Som nemnt i innlegget har det tatt tid å komme tilbake til ein kvardag, men eg byrjar å kjenne at no er det greitt :) Så tusen takk <3

Legg igjen ein fin tanke