6. okt. 2016

Høge fjell og flott natur

Slik knallblå himmel som på biletet er det her i Stavanger i dag. For ein start på oktober! Sjølv om vêret for det meste var grått då me var på Sjøholt, fekk me heldigvis kjenne litt på sola der også. Tok oss ein snartur ut og traska rundt ikkje så langt unna barndomsheimen til mannen min. Godt å bevege litt på oss etter timar med lesing. Høge fjell og slåande utsikt. Akk, eg blir aldri lei!


Regndropar på ruta kjem aldri til å slutte å vere magiske! Misforstå meg rett – eg liker jo aller best når det er sol ute, å kunne gå rundt utan regntøy, kjenne sola varme. Men å sitje inne med stearinlys og eit teppe og sjå ut, på vêret, på dei små regndropane, vel, det er jo eigentleg veldig fint det også. Og dei høge fjella er vel så flotte i gråvêr som i strålande sol og med knallblå himmel!


På sundagen var det fint vêr heile dagen, og berre sjå kor flott det er der! Storslått med høge fjell, vakkert med solstråler som skin på graset og som får regndropane til å glitre. Små gleder!

Legg igjen ein fin tanke