16. okt. 2016

Haustferie på jobb og besøk på lillelaurdag

På denne kanten av landet har det denne veka vore haustferie, og på jobb har det vore arrangement for ungar kvar dag. Ganske så travelt, men også ganske kjekt :) Det har blant anna vore ekspertmøte om hoggormar og om Minecraft, og på fredag var det FIFA-turnering. Sånn bortsett frå jobb har det blitt mykje lesing (har framleis ein god haug med bøker som ventar på meg), eg har stadig beundra vêret og det vakre haustlyset og eg har fått gjort ein del her heime som har stått på planen ei lita stund (til dømes: vaske kjøleskapet). Veke 41 er snart over, og her kjem sundagslista:

✦ oktoberlyset, både om morgonen, midt på dagen og om kvelden
✦ for ein søt og herleg koala
✦ gå ein snartur rundt Vannassen og sjå det fine lyset på himmelen og i vatnet
✦ ein nettstad med så mange bra bokrelaterte saker (via HeiAstrid)
✦ morgonlyset på Clarion Hotel Energy på veg til jobben
✦ å nok ein gong få eit innsyn i livet til Neshov-folket i boka Alltid tilgivelse
✦ "Nessun Dorma", ein nydeleg versjon frå NRK-programmet Stjernekamp
✦ besøk av ei god veninne midt i veka, og då blei det mykje prat, te og noko søtt attåt
✦ sjå Kongens nei på kino
✦ mange bra hushaldningstips
✦ finne ei ny og himla fin biletebok i barneavdelinga på jobb
✦ også frå Vannassen: oppdage eit rådyr med ein liten kalv
✦ enkle, men likevel så utruleg fantasifulle, små teikningar
✦ lesedate med kvar vår bok inne på gjesterommet
✦ ta turen innom Stavanger kunstmuseum etter ein tur rundt Mosvatnet
✦ gleder meg til å følgje den nyaste sesongen av Kalde føtter på NRK
✦ sjå utviklinga og følgje byggjeprosessen av Nye Gamlingen
✦ sykle heim frå jobb i det varmaste lyset, berre sjå på dei gule blada på det nedste biletet

Legg igjen ein fin tanke