14. sep. 2016

Sundagstur i september med kaffi og herleg temperatur

Vêret her dei siste dagane har vore heilt upåklageleg! I går var det visst oppe i 27,5 gradar. Om ikkje fullt så varmt, så var det likevel veldig fint også på sundagen som var. Me sykla bort til Stokkavatnet der me gjekk rundt heile vatnet. Mange folk der, så eg skal vel innrømme at eg føretrekker Hålandsvatnet. Men samstundes: kjekt å sjå at det er liv og røre der, altså :) Inni skogen såg me alt frå ein raud robåt, eit lite raudt hus, ei lita bru og under brua ein liten bekk.


Lyset var heilt magisk! Gjenskinet i vatnet, lyset blant alt det grøne, skuggane frå trea.


Ved nokre av stadane rundt vatnet, er det ganske så god utsikt over Stavanger. På biletet over kan ein sjå hotellet ved Stavanger forum og Ullandhaugtårnet. Ei svane i vatnet stod der så fin og fjong.


Ein kaffitår i koppen. Klassikar på tur. Før me kom fram til syklane, gjekk me ut på ein liten utstikkar og der sa eg til mannen min at han skulle ta eit hoppebilete eller to av meg. Hi, hi, litt moro å gjere seg til foran kameraet. Og så blir i alle fall eg ganske så glad av å slike turar, noko ein kanskje kan sjå på biletet ;) Me sykla til slutt heim, og her hadde me ein elles roleg slutt på veka.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Luisa Fernanda del Mar sa...

Så nydelige omgivelser :)

Silje sa...

Stokkavatnet er alltid ein fin plass å gå tur, og me er heldige som bur såpass nært slik at det berre er ein sykkeltur unna ^^ God fredag, Luisa :)

Legg igjen ein fin tanke