8. sep. 2016

Steinar på ei strand

I og med at mange av veggane våre er av betong, er det ikkje berre berre å hengje opp ting og tang på veggane, i alle fall ikkje om det er større bilete eller hyller. Tidlegare har me hatt nokre små polaroidbilete ved sidan av verdskartet, men me hadde begge kjent på at me gjerne ville ha eit større bilete der i staden for mange små. Dei små er flytta ut til gangen og på stoveveggen har me, etter mykje om og men, fått hengt opp dette bilete av nokre vakre steinar. Bilete er tatt frå steinstranda som låg rett ved hotellet me budde på under Rhodosturen vår i fjor. Storleiken på biletet er 30x70 cm., og det var jaggu ikkje meg lett å finne ei ramme i akkurat passe storleik. Me enda difor opp med å spesialbestille ei enkel, svart ramme. To gongar måtte me klage på opphenget til ramma, og dimed tok det ei stund før me endeleg fekk hengt det på plass. Men no er biletet på plass, og me er veldig nøgde! Einaste er vel at kartet også burde fått lov til å vere i ei ramme.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Luisa Fernanda del Mar sa...

At steiner kan være så fine <3

Silje sa...

Likte å samle på steinar då eg var lita, og eg må vel innrømme at eg innimellom gjer det enno. Mange av dei er jo berre så vakre <3 God fredag, Luisa :)

Legg igjen ein fin tanke