19. sep. 2016

Midgardsormen

I mai i år blei denne brua opna. Sjølvaste Midgardsormen. Brua er 230 meter lang, 2 meter brei og bind saman kommunane Klepp og Time. Vêret var som sagt bra, og det var ein del folk som hadde tenkt det same som oss. Men det var ikkje trengsel, og så er det jo kjekt å sjå at brua blir brukt :)


Tok nokre bilete frå den andre sida også, då me sat og drakk kaffi og nesten hadde byrja på tilbaketuren. Sidan sjølve vatnet er ganske så stort, gjekk me berre rundt ei lysløype og traska litt rundt ikkje så langt frå brua, men det var akkurat i går. Får kanskje låne ein bil neste gong slik at me ikkje må tenkje på at "no må me gå tilbake, for snart går toget" (sjølv om togtur alltid er koseleg). Bileta frå sjølve gåturen kjem etter kvart. Håper de har hatt ein bra start på veka :)

Legg igjen ein fin tanke