12. sep. 2016

Ein av Noregs finaste rasteplassar

Over tre veker er gått sidan me var på tur til burdagsfeiring i Åsgårdstrand. Plutseleg kom eg på at eg hadde glemt å vise dykk nokre mobilbilete som eg tok på bilturen heim. Dei fire øvste bileta er frå ein rasteplass i Honnevje som ligg i Valle kommune. Rasteplassen blei for fem år sidan kåra til Noregs finaste rasteplass. Eg skjønner kvifor! Fine trebenkar, store fjell og små svaberg. Skulle berre hatt med oss badetøy – eg hadde i alle fall tatt meg ein dukkert. Vel, det får bli neste gong ;) Vakkert er det no, og på ein av plassane der det var litt betong, kan ein jaggu meg sjå eit avtrykk av ei hand. Lunsjen åt me i Morgedal, eller skisportens vugge. Sjekk ut dei enorme skia som heng på ytterveggen! Kjekt å kunne ta forskjellige vegar når ein køyrer på ein slik helgetur (me tok kystvegen bort og over fjellet (Suleskarvegen) på veg heim). Alltid noko nytt å sjå og oppleve!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Legg igjen ein fin tanke