3. juli 2016

Stilleben på ein sundag

Stillebensbilete frå denne veka, eit frå måndag, eit frå midt i veka og to frå hytta i helga. Han fine og eg var nemleg ein tur på hytta ved Moslivatnet frå fredag til i dag. Heilt fantastisk å slappe av utanfor byen, utan dekning, berre med ei bok og to. Veka starta med åtte timar på jobb, bursdagsfeiring og Island - England på skjermen. Måndag gjekk dimed veldig fort :) Fem dagar på jobb og to på hytta. Denne veka i korte trekk, og ein god del timar med lesing. Boksommaren har starta bra, og eg gleder meg til å ta fatt på resten av haugen. Mykje bra å dele også denne veka:

✦ bursdagsfeiring heime på Sola
✦ lese ut den fine boka Etter deg
✦ og vite at eg har mange fleire bøker som ventar
✦ heilt fantastiske bilete frå Gdansk hos Isabelle
✦ hyttetur oppe ved Moslivatnet, berre han og eg
✦ den beste presskannekaffien oppe på hytta
✦ nok ein gong eit himla fint blogginnlegg med magiske bilete inne hos Jonna
✦ spennande og kjekt å lese om 10-milsprosjektet til finaste Ida
✦ at Island slo England 2-1 i åttandedelsfinalen i EM
✦ bra liste over korleis du faktisk får til å lese meir i sommar
✦ få gitt vekk ein god haug med klede etter ryddinga vår førre helg
✦ tenne stearinlys og ei lita parafinlampe om kvelden på hytta 
✦ søtaste lille kattepusen
✦ vassliljene som er i blom i Vannassen
✦ om kaffikoking, eit herleg innlegg inne hos Ragnhild
✦ sundagsmiddag heime på Sola, så jepp, middag på Sola som starta veka og ein som slutta veka
✦ fascinerande bileteserie med slekt- og familielikskapar
✦ den roa som kjem når ein er på ei hytte langt unna byen

Legg igjen ein fin tanke