10. juli 2016

Starten på ferien vår!

Akkurat no sit eg inne på eit lite, gammalt og sjarmerande hotellrom i Fjærland. Ferien vår er i gong, og eg må seie at det er ei heilt herleg kjensle. Turen til Bergen i går gjekk veldig fint. Hadde ein lunsjpause i Haugesund, og i Bergen blei det heimelaga pizza, prat og kattekos. I dag tok me oss god tid med frukosten før me køyrde av garde halv elleve. Har stoppa akkurat der me hadde lyst til å stoppe, tok det ganske med ro og me var framme i Fjærland rett før klokka seks. Høgdepunktet trur eg må vere å nå toppen av Aurlandsfjellet – heilt slåande vakker natur! Det har jo også vore jobb og "vanlege" dagar denne veka, men det er rart med det: desse to dagane har romma så mykje at eg ikkje heilt skjønner at det berre er nokre dagar sidan eg var på jobb. Håper alle saman har hatt ei bra julihelg! Som vanleg har eg ei lita sundagsliste som eg gjerne vil dele:

✦ høyre på songar på min gamle iPod, deriblant "Spirit of the Celts" frå 2005 med skulekorpset
✦ vassliljer i Mosvatnet, og ei and blant desse vassliljene
✦ lunsjbesøk av ei god veninne
✦ møte Frøya, ein kjempefin katt som bur i Bergen hos kusina til mannen min
✦ sjekk ut dette piggsvinet og dette som er like søtt som det fyrste
✦ stoppe i Haugesund og ete lunsj hos nokre slektningar
✦ Jonna sitt innlegg om korleis ein kan verkeleggjere sine draumar
✦ årets sommarklipp
✦ høyre på "Vidda" med Ole Edvard Antonsen medan ein køyrer langt oppe på Aurlandsfjellet
✦ nydeleg landskap, fanga på film av Rania
✦ boka Bibbi Bokkens magiske bibliotek – eit must i Fjærland
✦ stoppe innom ein gjenbruksbutikk, berre fordi me faktisk kan ta oss tid til det på bilturen vår
✦ alltid like søte kattungar
✦ utsikta frå utsiktspunktet Stegastein på veg opp Aurlandsfjellet
✦ kjøpe den perfekte krakken (eller puffen) med lokk som me kan bruke inne på gjesterommet vårt
✦ knallgod middag her på hotellet i Fjærland

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Kos dere masse på ferie! ^^ Nydelig landskap på det tredje bildet der! Norge altså. Vakkert!

Silje sa...

Eg fekk gåsehud og nokre tårer i auga då me køyrde over det fjellet i går. Så himla vakkert! ^^ Og tusen takk, Ida! Me storkoser oss på tur allereie :)

Ragnhild sa...

Det ser og høyrest heilt herleg ut! Og det minner meg på at eg må ta med ein tur til Bokbyen snart. Blir ikkje sommar utan! Kos dykk vidare!

Silje sa...

Bokbyen var kjempekjekt, og eg kunne nok ha brukt endå ein dag der, ja ;) Tusen takk for fin kommentar, Ragnhild! :D

Legg igjen ein fin tanke