22. juli 2016

Håholmen Havstuer

Her på Sjøholt har dagane til no gått med til å slappe av, gå tur på fjellet, lese i gode bøker og i dag var me ein liten handletur ut til Langevåg der Devoldfabrikken ligg. Ferie på Sunnmøre med andre ord. Natt til fredag førre veke overnatta me som nemnt ute på Håholmen Havstuer som ligg på Hustadvika. Me parkerte bilen på ei parkering langs Atlanterhavsvegen og blei henta med båt klokka fem. Båtturen tar berre snaue ti minuttar, men stas var det likevel. Sjå så fint det er der ute!


Vel i land måtte me jo gå litt rundt på holmen for å sjå oss omkring. Sidan byrjinga av 1700-talet, har Håholmen vore eit klippfiskvær, og det var i drift fram til 1960. Dette var ein møtestad for blant anna dei som fiska og sjøfolk. No er det konferansestad, restaurant og overnatting som gjeld, men som dei skriv på nettsida: "Hotellet er den originale husklyngen". Moro å få oppleve noko annleis!


Inne bak ei av dørene i den oransje husrekkja, fekk me rom. Rommet var ikkje så veldig stort, men akkurat passe for oss to. Så lenge det er reint og ser greitt ut, er me som regel nøgde :)


Før kvelden var omme, stakk me opp på det høgaste punktet på holmen for å sjå utover fjorden og alle dei små husa som ligg på holmen. Ein kan til og med sjå delar av Atlanterhavsvegen (Storseisundbrua) frå toppen. Nydeleg solnedgang fekk me også oppleve før det var leggjetid.


Etter den gode frukosten fredag morgon, prøvde me å ro litt i båten som stod plassert godt oppe på land. Eller – ro og ro. Det var jo mest for "løye" som me seier på stavangersk ;) Titta litt ut mot havet måtte jo også til før det bar av garde med til bartebyen. Var jo nokre timar i bil den dagen, ja.


Rett før me tok båten over til bilen, gjekk eg inn i Silver Bell Kro, der me kvelden før hadde kost oss med kvart vårt glas. Så hyggeleg atmosfære, noko eg fint kan seie om heile holmen. Skulle gjerne ha vore der ei ekstra natt, berre lese i ei bok og tatt livet med ro. Men det er ikkje så langt unna barndomsheimen til mannen min, så det kjem nok ein ny sjanse til å vere her ute endå ein gong.

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anna María sa...

Vad härligt och fint det ser ut!

Silje sa...

Håholmen er ein plass eg gjerne kjem tilbake til. Vakkert!

tea sa...

Nydelig! En sommer tror jeg at jeg og samboeren også må dra på en slik Norgesferie! Så mye fint å se og oppleve ^^

Silje sa...

Ja, gjer det! :D Me har hatt det så utruleg fint og kjekt, og ein slik ferie er noko me absolutt kan anbefale til andre ^^ Håper berre me kjem oss litt lengre nord neste gong ;)

Legg igjen ein fin tanke