4. juli 2016

Ei helg oppe på Ørneredet

Å sove lenge om morgonen. Ta seg god tid med den beste presskannekaffien. Lese i to gode bøker, ta seg tid til å nyte historiene, språket, kjenne at lesegleden verkeleg er tilbake. Å vere ei helg på hytta, å leggje fra seg byens mas og kjas, gjer så godt. Trur ikkje eg overdriv når eg seier at me begge to trong ei slik frihelg. For som eg har sagt nokre gongar før, har denne vinteren og våren vore lang og tung for oss begge to. Å verkeleg kjenne at tida ikkje betyr noko, berre lese side for side, drikke endå meir kaffi, sjå ut på regnvêret... Det er vanskeleg å skildre, for hytteroa er noko eige.


For det meste så sat me i kvar vår godstol eller sofa og las, men me måtte jo fram med eit spel før helga var omme. Valet fall på "Sequence", eit kombinert kort- og brettspel som er enkelt å setje i gong med og forstå. Ikkje at eg hugsar det så veldig nøye, men eg trur eg vann begge gongane ;)


Sjølv om me er godt i gong med juli, og sommaren i prinsippet er her, var det berre fjorten gradar då me kom fram til hytta fredagskveld. Min betre halvdel fann fram litt ved og fekk fyr i peisen. Eg må jo seie at det er et eller anna, ein slags sjarm, ved det å ha fyr i peisen. Stearinlys og ei lita parafinlampe blei også tent i løpet av kveldane, og så klart blei det nokre ord i sjølvaste hytteboka.

Legg igjen ein fin tanke