6. juli 2016

Å kjenne roa på hytta

Gjennom heile helga datt regnet ned jamt og trutt. Men eg måtte likevel stikke nasen ut av døra for å fange nokre av regndropane på film. Alltid like vakkert! På sundag stakk faktisk sola fram sånn i ny og ne, og me tok oss ein tur ut på terrassen med bøker, pledd og tjukke sokkar. Eg sat ikkje så veldig lenge, for med ein gong sola forsvann bak ein sky, blei det for kaldt for min smak. Men mannen sat ute ei stund, såg utover vatnet, kjende på roa og stilla. Ei slik hyttetur gjorde godt!

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Det er alltid så godt å komme til hytta. Rolige omgivelser, ikke noe internett, bare slappe av og være til. Tror det er lurt å dra på hyttetur eller tilsvarende med jevne mellomrom for å roe ned litt.

Silje sa...

Er så sant, Ida! ^^ Ingenting er betre enn å kjenne at skuldrene er senka, kunne lese ei bok i ro og fred, ingen støy frå byen og utan internett. Einaste "problemet" er å komme tilbake til jobb og kvardag når hovudet og kroppen eigentleg har tatt ferie ;)

Ragnhild sa...

Det er so fint å ha ein stad å trekkje seg tilbake til. Håpar dagane framover har i seg noko av den same fredfulle atmosfæren som synest på bileta her!

Silje sa...

Dei siste dagane har det vore jobb på planen, men om nokre dagar reiser me av garde på ein etterlengta ferie. Skal bli ganske fint og herleg, og innimellom vil me nok absolutt kunne kjenne på den roa og atmosfæren som me hadde på hytta ^^

Legg igjen ein fin tanke