3. juni 2016

Halvvegs i kalenderen

Juni er i gong, og ein ny månad = tid for ei ny side i HP-kalenderen min. Denne gongen er det Draco Malfoy som prydar kalenderen. Har hatt studiedag i dag, det vil seie eksamensførebuing i nokre timar før eg sette meg ut på balkongen i det knallfine vêret. Og i halv to-tida fekk eg besøk av ei kjempegod veninne og då måtte me ut i sola med kvar vår is (etter å ha ete litt lunsj så klart). Ein bra start på helga! Håper alle får ei helg akkurat etter boka, akkurat slik du sjølv ønskjer :)

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Ah, Draco, stakkars sjel. Men hurra for juni! Jeg har en passe bra/dårlig start på helga, haha. Har levert oppgaven min og vet ikke helt hva jeg synes om det. Er veldig sliten. MEN skal prøve å ha litt pause og gjøre helga fin, så håper jeg bare at jeg finner de siste kreftene sånn at jeg får lest til de to eksamene mine. Hjelp. God helg, fine Silje! <3

Silje sa...

Såg ikkje denne kommentaren før no, men la nettopp igjen ein gratulasjonsmelding på din blogg ;) Skjønner kva du meiner med sliten, har det slik ennå sjølv om oppgåva blei levert for snart fire veker sidan. Ein har jobba så lenge og plutseleg er det ikkje meir. Rart, og som deg så er det snart eksamen her også. Håper likevel du klarer å slappe litt av og at helga blir fin! Heiar på deg, veit du ^^ Klem! <3

Elena sa...

Hihi, liker kalenderen din!

Silje sa...

Jepp, eg rett og slett diggar den! Kjempekjekk julegåve :D

Legg igjen ein fin tanke