10. juni 2016

Grønt-i-grønt ein junikveld

Alltid like godt å "lofta vedet" (lufte vettet) etter ein lang dag med eksamensførebuingar. Rart å sitje inne på biblioteket på skulen, berre ein liten gjeng, for dei fleste andre er ferdige med alle sine eksamenar og har sommarferie. Ja, ja, berre nokre dagar igjen no. Etter å ha komme heim, men før me åt middag, gjekk me ein runde rundt Vannassen. Herleg vêr, grønt overalt og søte andungar.


Svaneungar finst det også ved Vannassen. Denne årstida er rett og slett så utruleg fin. Dei ser så lodne og myke ut, og det er moro å sjå dei bli litt større og større for kvar gong me er der :)


Endå meir grønt. Lyset mellom trea og blada. Det er noko magisk over det heile. Kanskje ikkje noko store greier, men sånn kvardagsmagi. I alle fall i mine auge. Siste helg der eksamen står i fokus. Om berre nokre dagar kan eg gå alle dei turane eg vil, lese dei bøkene eg vil, gjere det eg vil. God helg!

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Hverdagsmagi er den beste magien! Jeg fortsetter å ønske deg lykke til med eksamenen, snart i mål! ^^

Silje sa...

Kvardagsmagi. Berre ordet er vakkert noko i seg sjølv ^^ Veldig fint å ha nokon som heiar på sidelinja ^^ Så tusen takk, Ida! Tenkjer det gjer godt med helg og ferie no :) Snart er det ferie her også :)

Ragnhild sa...

Andungar! Eg gler meg til å reise heim til huset ved vatnet, vonarleg er der ein andefamilie eller to i år òg.

Lukke til med dei siste førebuingsdagane!

Silje sa...

Både andungane og svaneungane ser så lodne ut, og så er dei så søte ^^ Tusen takk for "heiarop", Ragnhild! :)

Legg igjen ein fin tanke