23. apr. 2016

Flott Etsy-butikk ✽

Veldig kjekt å komme heim til ein slik fin pakke i postkassa torsdag etter jobb. Då eg såg at det stod "Norvège", skjønte eg med ein gong kva det var. Eg hadde lenge sett meg ut nokre fine postkort frå denne Etsy-butikken, og då det blei lagt ut nokre herlege smykkeanheng, berre "måtte" eg slå til.


Det er Tone som står bak illustrasjonane og smykket. Ho driv den lille Etsy-butikken Komorebitone. Fyrste gong eg såg ein av illustrasjonane hennar, var på bloggen til Ina. Måtte rett inn på Facebooksida for å sjå endå meir. Tone legg også ut prosessen ved ein del av illustrasjonane på denne bloggen (sjå til dømes denne Beatles-illustrasjonen). Så mykje fint og stilig!


Postkorta er like fine som det eg hadde sett for meg, og eg kan jo røpe det at eit par av dei kjem eg garantert til å behalde sjølv og ramme dei inn i ei fin ramme. Og så måtte eg jo teste ut smykket, og eg vil no seie at den passa perfekt til den burgunderraude genseren eg hadde på meg i går :)

6 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Åh, det smykket var superfint!

Silje sa...

Kan ikkje anna enn å seie at eg diggar det allereie :D

tone sa...

Men altså, takk for så fine ord! :D Smykket var kjempefint på deg, forresten. :)

Silje sa...

Er så kjekt å kunne skrive eit slik blogginnlegg når ein verkeleg meiner det! ^^ Du er superdyktig, Tone! Og smykket er rett og slett kjempekult :D

Mikaela sa...

Nää vad gulligt halsbandet var!!

Silje sa...

Hi, hi! :D Ja, det er kjempesøtt og veldig kult!

Legg igjen ein fin tanke