15. apr. 2016

Ein liten ballade

Sjølv om eg ikkje kan påstå at eg les noko særskilt med barnebøker for tida (går vel eigentleg berre i krim no ved sidan av masterskrivinga), så er det plutseleg nokre bøker eg ser på jobb som eg ikkje klarer å gå forbi. Boka Ballade har stått framme i barneavdelinga, og her om dagen tok eg ho med meg heim. Teikningane er heilt magiske og måten å fortelje på likeså; det er ei forteljing der det er ein vi-forteljar, og på denne måten blir ein dratt med rett inn i universet. Etter kvart blir det fleire og fleire sider med berre teikningar og eitt lite ord på kvar side, eitt ord som seier alt om det me ser. Det er Blexbolex som står bak boka, ein fransk illustratør og serieteiknar som blant anna har vunne ein pris under Bokmessa i Leipzig i 2009. Så utruleg vakkert, og i mine auge eit lite stykke magi!

Legg igjen ein fin tanke