7. mars 2016

Mathallen Stavanger

På laurdag var me som nemnt ein tur innom Mathallen Stavanger som ligg i Stavanger Øst. Mathallen opna i september i fjor, men for oss var laurdag den fyrste gongen me var der. Stort er det ikkje, men det er ein fin butikk med mykje god mat og fine råvarer frå diverse lokale bedrifter.


Det kjekkaste, sånn bortsett frå at ein fekk lyst til å kjøpe det meste ein såg, var alle dei fine fargane og detaljane på mange av etikettane. Må seie at den kulaste av dei alle var "Green Aliens". Lo høgt inni meg :) Og ikkje minst marmeladen frå Litlestøl; utruleg gjennomført med den lille stølen som stod inne i hallen. Rug- og speltmjøl, kaffi, noko godt til kaffien og ost blei med oss heim, og ein skal ikkje sjå bort i frå at me tar turen tilbake. Det er jo berre ein liten buss- eller sykkeltur unna :)

6 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Mathaller er noe av det beste jeg vet! Så mye spennende mat ^^ vi fikk Mathall i Trondheim her for en god stund siden, har bare vært der en gang, men det var mye spennende.

Silje sa...

Har så vidt vore innom den i Oslo, men dette er vel fyrste gongen at me verkeleg tok oss tid til å gå rundt i ein slik hall, bli kjent med varene og kjøpe med oss litt heim. Blir nok ikkje siste gongen i alle fall :D

Ruth | HungryHeart.se sa...

Jag är barnsligt förtjust i saluhallar och kan gå omkring och titta, lukta och fingra på förpackningar i evigheter. Men jag har aldrig stött på aliens på burk förut! =)

Silje sa...

Måtte le litt av din herlige kommentar med tanke på "aliens på burk" :D Å gå rundt på slike plasser er en ordentlig fryd :)

Linnea Aurora sa...

Alltså åhh, SÅ många fina förpackningar!!!

Silje sa...

Er så enig, Linnea Aurora! Vakre og så mange fine farger ^^

Legg igjen ein fin tanke