17. mars 2016

Breiavatnet v3

Starta dagen med eit jobbmøte på biblioteket i sentrum. Møtet var kjekt og lærerikt og eg fekk til og med vere med på påskelunsj og vann eit lite påskeegg. Og det blei endå betre: på veg til bussen, skein sola som aldri før, det var varmt i lufta og fontenen i Breiavatnet toppa det heile. For ei heilt fantastisk kjensle! Våren er her og det gjer så godt på mange plan. Rett og slett ein fin torsdag!

Legg igjen ein fin tanke