6. jan. 2016

Laurdagstur tidleg i januar

Fire bilete, fire veldig forskjellige bilete. Alle dei fire bileta er tatt då me var ute og gjekk vår fyrste tur i dette året på laurdag. Eit bilete av eit bryllaupsbilete, bilete nr.to av eit gjerde ved ein busshaldeplass. Det tredje er utsikt over byen og det siste biletet er av ein haug med tømmer. Sola var nok ikkje framme, men det var opphald og herleg frisk vinterluft, så det var berre heilt herleg å traske opp Ullandhaugvegen, sjå utover byen og nyte den fyrste laurdagen i det nye året!

Legg igjen ein fin tanke