4. des. 2015

Vinterliste

Vinteren er her, og inspirert av denne lista hos Sofia, vil eg dele nokre tankar og fakta om vinteren, sett i mine auge. Eg kan nok ikkje påstå at det er noko særskilt med vinterstemning ute sjølv om desember er her. Null snø, men det er nok av grå dagar med mykje regn og vind. Med det er det lite vinterbilete å vise foreløpig. Ja, ja. Det er no slik Stavanger er, det. Bilete av sjokoladestengene er forresten frå i fjor, for så langt har me ikkje komme med tanke på årets julekakebaking. Men det kjem, sånn litt etter litt. Med denne lille lista ønskjer eg alle de som les dette ei herleg helg!

1. Kva er det beste med vinteren?
- No er jo verken vinter eller haust mine beste årstider, samstundes har alle årstider ein sjarm. Det beste med vinteren for meg er det å førebu til jul: pynte heimen, høyre på julesongar, tenne adventslys og krype under teppet med ein kopp kaffi eller te og ei god bok.

2. Kva kjem du til å ete i vinter?
- Om ein ser bort frå julemat, så kjem eg ikkje på at eg pleier å ete noko spesielt i løpet av denne årstida. Men om ein tenkjer jul, så er det risgraut på lille julaftan, og på julaftan er det ribbe (som i svineribbe og ikkje pinnekjøtt). Litt sjokoladestenger og peparkaker blir det vel også.

3. Kva kjem du til å drikke i vinter?
- Av varm drikke: kaffi, utan tvil. Men det kjem nok til å bli nokre koppar med te og kanskje eit par med kakao. Gløgg liker eg ikkje. Og av kald drikke, så blir det vel nokre julebrus når jula kjem.


4. Korleis kjem du til å feire jul?
- Med familien min, min onkel og hans sambuar og mannen min. Mannen min og eg har vore i lag i snart sju år, noko som vil seie at dette blir den åttande jula vår som kjærastar. Alle dei andre åra har me feira jul kvar for oss, så du kan tru at eg er både glad og spent på å endeleg få feire jula saman med den finaste eg veit.

5. Kva er dine beste tips til juleprosjekt?
- Hmm. Eg har jo faktisk ei bok med mange juleprosjekt å velje mellom, men jul er jo nesten synonymt med eksamenstid, så sånn sett så har det ikkje vore noko overskot til å finne på noko kreative prosjekt, i alle fall ikkje i ein større grad. Men å bake sjokoladestenger og lage nokre små julegåver som ein kan gi til veninner, er alltid ein slager her.

6. Kva gjorde du for nøyaktig eitt år sidan?
- For nøyaktig eitt år sidan, var det eit halvt år (minus nokre dagar) til vår store dag. Eg sat også mykje i pysjbukse og prøvde å få ferdig mine to eksamenar, ein periode på nesten to månadar som eg enno hugsar med grøss.

7. Kva kjem du til å høyre på?
- I og med at det snart er jul, veit eg at "Walking In The Air" (denne versjonen) kjem til å gå om og om igjen. Eg høyrer også ein del på den nye CD-en til Glen Hansard, julemusikk på radioen og dei songane som eg har på iTunes (har ikkje lenger Spotifykonto).


8. Kva les du?
- Akkurat no går det ein del i litteratur som kan passe inn i masteroppgåva. Samstundes prøver eg å ha noko anna å lese på når eg treng ein pause, og dei to siste månadane har det vore bok 7-14 i ein av krimseriane til James Patterson (Women's Murder Club) og bok nr.1, 2, 4 og 5 i serien om Joona Linna av Lars Kepler. Bok nr.3, Ildvitnet, las eg fyrst, for den følgde med lesebrettet mitt då eg fekk den for nærmare tre år sidan. Og når ferien kjem, skal eg kose meg med dei siste kapitla i den siste Harry Potter-boka!

9. Kva ser du på?
- Innimellom transkripsjon av intervju, oppgåveskriving og lesing, har eg byrja å titte på Murdoch Mysteries. Er så herleg å ha ein slik krimserie å slappe av med. Elles, etter å ha sett ferdig White Collar saman med mannen min, har me no byrja å sjå Suits. Og så blir det nokre episodar med Heartbeat (sesong 3) og musikalar og komediar frå 1940-60-talet :)

10. Kva var det beste med hausten?
- Utan tvil alle dei fine fargane ute på trea! Gå tur i frisk haustluft, endeleg få byrja på oppussinga av soverommet, tur til Langhus og Rhodos, Mary Poppins på Folketeateret og kaffiavtalar har også vore kjekke gledespunkt i haust.

11. Har du nokre vinterplanar?
- Ikkje mange, men julekakebaking blir det jo. Eg skal møte ein god del av veninnene mine som kjem heim til jul, og vidare utover vinteren kjem eg nok til å jobbe mykje med masteroppgåva. Gleder meg til jul, men sånn generelt så blir nok både vinteren og våren travle tider, særskilt med tanke på oppgåva, men også med orkesteret – me skal nemleg spele symfoni nr.4 av Bruckner i februar, og der er det nok å gjere for oss messingblåsarar.

Legg igjen ein fin tanke