6. des. 2015

Julekaffi og togtur

Nok ei veke og helg er snart over, og julestemninga byrjar å sige over meg. Ikkje mykje, men litt etter litt byrjar eg å kjenne at jo, jula er snart her. Og det skal bli godt å ha nokre dagar saman med familien der eg ikkje tenkjer på oppgåva. For det er no ein gong slik at når ein er i ein slik prosess som det ei masteroppgåve er, er det vanskeleg å ta heilt fri, tenkje på og gjere noko anna. Men eg skal, så godt eg berre kan, prøve å ta nokre dagar fri når lille julaftan kjem :) Fram til då er det om å gjere å jobbe vidare, ord for ord, skritt for skritt. Klarer nok å komme i mål til slutt. Det er i alle fall kjekt å kunne samle saman fine, inspirerande lenkjer og andre gledespunkt i eit og same innlegg:

✦ sjå ein episode med Heartbeat på halvtårsdagen vår
✦ dette paret som attskapte brudebiletet deira sytti år etter bryllaupet
✦ billettar til Vinjerock 2016 er i boks!
✦ opne julekalenderen og finne julekaffi den eine dagen og eit herleg gåvekort den neste :)
✦ "Om att fira en hållbar jul" hos Rania, og denne om fem miljøvenlege tips til julekalenderen
✦ at ei av mine finaste veninner var heime ein tur, og då tok ho turen innom meg
✦ så mykje søtt, rart og fint hos cuteoverload.com: denne nusselege kaninen, rare og søte dovendyr, ein leiken pandaunge og denne rare og morosame fuglen
✦ finne fram julepynt og litt julelys og pynte opp heimen
✦ å kjenne meg igjen i denne teksten om det å grine når ein er sint, og så vil eg også dele denne
✦ ta toget ut til ein vgs. for å intervjue nokre informantar i samband med oppgåva
✦ le høgt og kose meg med denne miniserien, inspirert av Tre Nøtter til Askepott
✦ sjå den herlege og morosame musikalfilmen How to Succeed in Business Without Really Trying frå 1967 – diggar å sjå slike filmar!
✦ "26 Things Every Person Should Do For Themselves At Least Once A Year" (via hjartesmil)
✦ den andre podcasten til Synne :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Kake sa...

Herlig med noen lysglimt i hverdagen! Kjempefin liste~<3

Silje sa...

Å lage slike lister er alltid så fint, og som du skriver så er det herlig med slike lysglimt i kvardagen (og kanskje særskilt no når det er litt grått og trist ute) :) Håper du får ei bra veke ^^

Legg igjen ein fin tanke