29. nov. 2015

Orkesterhelg og fyrste sundag i advent

Vêret denne helga har vore så ustabilt som det går an å vere – alt frå hagl til sol, medan det i neste augneblink regnar i bøtter og spann. Ja, ja. Me har stort sett vore inne og spelt med orkesteret, for fra torsdag til i dag har me spelt "Nøtteknekkeren", ei forestilling per dag (mao. fire til saman). Fekk no gått ein tur rundt Mosvatnet i dag om ikkje anna :) Også denne veka har vore litt tung med tanke på oppgåva, men med musikk frå høgtalarane, orkesterspeling og kongeblå hatt på hovudet, finst det jo nokre lyspunkt oppi det heile. Og så er det jo fyrste sundag i advent i dag, noko som betyr at jula nærmar seg :) Har samla saman ei liste denne veka også, og den kan de sjå under:

✦ popcorn heime i sofaen etter premieren på "Nøtteknekkeren"
✦ om ein hund som ammar to bittesmå kattungar
✦ ha på langt, lilla skjørt, grå genser med høg hals og kongeblå hatt :)
✦ eit bra blogginnlegg hos Ida om kvifor ho ikkje deltek på Black Friday
✦ kjenne igjen niesa til ein skodespelar i eit TV-program fordi skodespelaren var med i ein episode av MacGyver
✦ byrje å skrive på og sende ut årets julekort
✦ "50 things to do on everyday evenings", den finaste lista hos Synne
✦ spele Wii saman med mannen min
✦ denne fine saka på aftenbladet.no om ei kontaktannonse
✦ gode, såre og viktige strøtankar
✦ spele med orkesteret seks dagar på rad; slitsamt, men også så utruleg kjekt
✦ morosam video med kattar som er redde for ein agurk, og også denne med kattungar
✦ lese i adventsmagasinet som Mariell har laga
✦ setje fram adventsstaken, og hengje opp adventsstjerna i vinduaget
✦ le av alle desse rare platecovera

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Haha, "Hippie Hege en jomfru i nød", haha, åh de platecovrene! Der var det mye rart. Og nå måtte jeg bestille jule-/adventsmagasinet til hjartesmil, jeg også. Takk for link! Ha en fin uke :)

Silje sa...

Ja, gurimalla! Dei platecovera gav meg i alle fall ein god latter ;) Og adventsmagasinet er så utruleg koseleg :) Ønskjer deg også ei fin veke ^^

Ingvild S L sa...

Åh, den hunden og kattungene; jeg er altfor gravid til å se slik uten å begynne å grine :D

Silje sa...

Her kjem tårene uansett, den hunden og kattungane er så fine og så er det jo så utruleg rørande! :D

Legg igjen ein fin tanke