6. nov. 2015

God middag og ein fin start på helga

Å komme heim frå jobb til varme og gode pølsehorn med salat og guacamole ved sidan av, må vel kunne seiast å vere ganske så okei :) Tente stearinlys, heimelaga saft frå mamma i ein av dei fine karaflane me fekk til bryllaupet, Beat for beat på skjermen. Ordentleg hygge på ein fredagskveld. Hadde også ein kjekk kveld i går med middag heime på Sola før det var konsert med Tønes i Sola kulturhus. Songane hans er noko heilt eige, og sjølv om dei mest bringar fram latteren, kom det nokre tårar under konserten i går. No har eg høyrt han live tre gongar, og eg liker musikken hans og måten han er på berre meir og meir! Tidlegare i dag var eg innom PWC-messa, medan det i morgon blir ein tur innom konserthuset i byen for å høyre på Siddis Brass og treffe fine korpsfolk :) På sundag blir det jobb igjen, men det er eigentleg heilt greitt. Ha ei super helg, folkens!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Luisa Fernanda del Mar sa...

Herlig! Det så veldig godt ut :)

Silje sa...

Og det var veldig godt ;) Ganske enkelt er det også :)

Legg igjen ein fin tanke