1. nov. 2015

Ei lita liste i byrjinga av november

I dag er det plutseleg november. Kor blei september og oktober eigentleg av?! For all del, eg gleder meg veldig til jul (det er jo finaste tida på året), men vekene går litt for fort til å få gjort alt det ein gjerne skulle ha gjort. Er det fleire som kjenner seg igjen? Veka som byrjar i morgon, kjem til å gå veldig fort med ein del oppgåveabeid, jobbhelg, PWC-messe, Tønes-konsert og korpskonkurransen Siddis Brass. Oppsummering av denne vekas fine saker og ting kan ein sjå under:

✦ fikse litt på headeren her på bloggen; hovudbiletet på den gamle var over to år gammalt
✦ dette fine oppsummeringsinnlegget hos Synne
✦ hente pakke frå iHerb med massevis av god te og litt sjokolade med kjærleiksdikt på papiret
✦ så bra skrive om kor lett me blir støytt, og denne statusen om serviceyrket
✦ stikke innom ein kollega av mannen min med ei lita gåve på bursdagen hans
✦ blir så fascinert av bileta og ikkje minst denne videoen hos Jonna
✦ at dei to svarte "konsertkjolane" eg kjøpte på nettet var akkurat passe og veldig fine
✦ "The 50 Most Romantic Things That Ever Happened"
✦ Mozart-konsert
✦ ordentlig hauststemning i denne bloggen
✦ høyre endå meir på den nye musikken til Glen Hansard
✦ "Paperman" – den finaste, animerte kortfilmen
✦ byrje på den vittige serien Suits med min betre halvdel
✦ herlege dyr: denne om ein hjortekalv og ein liten nasehornunge som hermar etter mora
✦ ha nok krimbøker å lese på når kvelden kjem og ein er lei av skulearbeid
✦ kjekt å høyre om ein ny vintagebutikk i sentrum
✦ skrive lappar til minneglaset
✦ alle desse vakre leseplassane

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anna María sa...

Jag håller verkligen med dig, vad tusan hände med september och oktober. Gick helt vansinnigt fort.

Silje sa...

Som nevnt så gleder jeg meg til desember og juletida, men ja, de to foregående månedene gikk litt for fort for min del. Får sånn sett håpe at november går litt saktere ;)

Legg igjen ein fin tanke