11. nov. 2015

Ei god bok , kaffi og kjærastekveld

Kaffi og bøker. Det er det det går i om dagane, i tillegg til å skrive notat, tankar og slikt i sjølve oppgåvedokumentet på dataen. Men som de ser er det ikkje berre skulebøker som ligg foran meg på bordet. Har lånt den tredje boka om Cormoran Strike frå biblioteket. Der eg las dei to fyrste på norsk, klarte eg ikkje å vente til den tredje blir omsette og les den difor på engelsk. Eg må jo berre innrømme at eg i starten las den fyrste boka fordi 1.det er krim, og 2.det er J.K.Rowling som skriv desse bøkene under eit pseudonym, og eg elskar jo bøkene hennar om Harry Potter (sånn viss de ikkje visste det frå før). No kjenner eg at eg les bøkene fordi forfattaren gir så utruleg gode personskildringar i tillegg til at spenninga heile vegen blir halde oppe, eg får ordentleg lyst til å lese vidare for kvar side eg blar om. Er så herleg å ha noko anna å lese på, ei "pausebok" når eg innimellom treng ein pust i bakken. Har forresten hatt ein ordentleg pust i bakken i kveld med middag på restaurant og Bond-filmen Spectre. Kjekt og så koseleg med ein kjærastekveld ute :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ruth | HungryHeart.se sa...

Klokt tänkt att läsa lite annat än kurslitteratur också! Och middag och restaurangbesök låter härligt. Jag tror det är viktigt att inte bara läsa kurslitteratur utan att få hämta kraft och avkoppling i en spännande bok eller film.

Silje sa...

Tror nok du har rett i det su sier om at vi alle trenger slike små pusterom innimellom i en travel hverdag :)

Legg igjen ein fin tanke