9. okt. 2015

Bruktfunn i Sandnes

Ikkje at me er så ofte i Sandnes anna enn dei tysdagane det er øving, men me har funne ut at dei har utruleg mange og bra bruktbutikkar i byen. Blant anna ein stor Fretexbutikk, bruktbutikken Om igjen og Toves Antik og Brukt. Tidleg i haust var me ein tur i Sandnes for å sjå oss om etter ein liten kommode til gjesterommet (det var før me fann den grøne som står der no). Fann ikkje kommode, men me fann derimot åtte fine eggeglas og ei tekanne som matchar koppane frå Kyrkjetorget. Og før eg fann tekanna, fann eg tallerkenen i same serie på Fretex Madla. Eggeglasa har me brukt ein del allereie, for dei fire me hadde var stygge og med mange små brot. Me har enno til gode å bruke den fine tekanna, koppane og tallerkenen, men dei er jo fine å ha bokhylla også :D

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Røverdatter sa...

Åå, så fine! Ordentlig yndige var de! Godt kjøp! :)

Silje sa...

Å gå innom ein bruktbutikk eller ein loppemarknad er alltid ei glede! Og ekstra kjekt er det jo når ein finn noko fint, noko som ein faktisk har leita etter :D

Legg igjen ein fin tanke