13. sep. 2015

Fyrste jobbhelg etter sommaren

Denne helga har det for min del vore jobbhelg, noko som eigentleg har vore heilt greitt. Kjekt å gjere noko anna enn å "berre" finne pensumlitteratur, gå på forelesning, skrive tankar og idéar ang. oppgåva osb. Vekene fyk av garde; me er midt i september. Ein veit allereie no at semesteret kjem til å vere over på ein blunk. Men nok om det! Her kjem sundagslista med alle små og store gleder:

✦ sjå The Sound of Music, fordelt på to kveldar fordi den er så lang ;)
✦ "23 Incredible Photos of Actors vs. The Historical Figures They Played"
✦ ha besøk av ei barndomsveninne :)
✦ kjenner meg veldig igjen i denne
✦ ete litt av bryllaupskaka vår
✦ akkurat slik vil eg me skal bli når me ein gong byrjar på bli gamle
✦ sjå på fuglelivet ved Vannassen
✦ for ein nydeleg heim
✦ komme heim til tente stearinlys og god risgraut etter å ha vore på jobb
✦ oppdage RI-MAKE, ein kjempeinspirerande blogg
 herleg video med så mange søte ugler, og denne videoen om ein mann, ein katt og ein fiolin
✦ skulle så gjerne hatt plass til bokhyller som desse
✦ Poldark på NRK Nett-TV (og opningstemaet er berre så utruleg fint!)
✦ vakre bilete hos Jonna og ute på nettsida til Opeggen Gård
✦ få ei morosam overrasking i posten
✦ "Tips för att få en bättre blogg #1"  – konkrete og bra tips hos finaste Sandra

Legg igjen ein fin tanke