27. aug. 2015

Fram med instrumentet

Sidan byrjinga av mars har det vore lite orkesterspeling på oss. Det er to ganske forskjellige ting å spele med i eit korps og spele med eit symfoniorkester. Den største forskjellen for oss som er messingblåsarar, er at i ein del av prosjekta med orkesteret er det ikkje stemme til oss og me blir permittert. På den måten saknar å spele i korps, men eg kan ikkje seie at eg saknar å vere med i konkurransar. Me skulle eigentleg vere med å spele ut mai månad med orkesteret, men i og med at konserten måtte flytte frå fyrste helga i juni til siste helga i mai, mao. til vår bryllaupshelg, blei det ikkje noko meir speling på oss før no. På tysdag er det nemleg fyrste øving for sesongen. I løpet av hausten blir det i alle fall Sibelius-konsert og "Nøtteknekkeren" av Tsjajkovskij. Eg gleder meg allereie, men det betyr også at trombonen må meir fram i lyset enn det den har vore i det siste ;)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Så artig at du spiller trombone! Det har jeg også gjort engang i tiden ^^ kan fortsatt noter og kan fortsatt å spille, men jeg er utrolig rusten og eier ikke "spillekondis" lengre, haha.

Silje sa...

Så utruleg morosamt samantreff, Ida! :D Eg klarer ikkje å leggje den heilt på hylla sjølv om det har blitt mindre speling med åra ;) Då me flytta frå Kr.sand til Stavanger i fjor, gjekk me frå å spele/dirigere i brass band til å spele i orkester. Ein stor overgang med tanke på speletid, men så lenge me i alle får spele litt og halde hobbyen ved like, er me nøgde :)

Legg igjen ein fin tanke