21. juli 2015

Vinjerock 2015 – del 1


I år hadde me bestemt oss for å reise opp til Eidsbugarden allereie på onsdagen. Då me reiste i fjor, reiste me torsdag, og det var rett og slett litt stress i og med at ein skal parkere bilen, komme seg inn i ein buss, setje opp telt og også høyre på nokre konsertar på ein og samme dag. Me reiste tre stk. i ein bil, akkurat same som i fjor, og eg trur me alle var nøgde med å kunne reise opp til campen og festivalområdet ein dag før sjølve festivalen starta for fullt. Omtrent heile onsdagen gjekk med til å køyre frå Sola til Vang, og me var innom fire fylke i løpet av dagen. Lærdalstunnelen og Hardangerbrua var noko av det me fekk sett på vegen. Kom fram til campen ca. halv ni, og då var det opp med teltet medan andre laga mat. Torsdag sat me mykje ute, prata, koste oss og venta på at konsertane skulle byrje. Det musikalske høgdepunktet den dagen var nok Susanne Sundfør.

Legg igjen ein fin tanke