13. juli 2015

Ute på Kråkerøy

Frå fredag og fram til i dag tidleg, var mannen min og eg ein tur ute på Kråkerøy i Fredrikstad kommune. Ho eine tanta mi og onkelen min har hytte der ute, og i etterkant av bryllaupet fekk me ein open invitasjon om å ta turen dit om det skulle passe. Me fann plutseleg ut at me hadde høve til å ta oss ein tur før Vinjerock og Sunnmøre-tur, så på fredag blei det buss til flyplassen, fly til Gardermoen og buss til Fredrikstad som var framme kl.12.15. Ute på øya har eg trådd i mine barnesko, men no var det nok heile ni år sidan sist eg var der. Me var superheldige med vêret, så mykje av tida slappa me berre av med ei god bok ute i solveggen. Heilt herleg å senke skuldrene! Fekk også vore ein tur innom Gamlebyen i Fredrikstad og ein svipptur innom Hvaler. God mat blei ete og me hadde fine samtalar til me alle var så trøtte at det var på tide å leggje seg. Bileta får komme litt etter litt, akkurat som med bryllaupet. Her ser de nokre av dei frå sjølve området med svaberg, vakre blomar og herleg solskin :) Kjære, fine Kråkerøy, me kjem tilbake før du anar det!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Åh, så idyllisk!

Silje sa...

Me hadde det så utruleg fint der ute, og ja, det er verkeleg idyllisk! :D

Legg igjen ein fin tanke