2. juli 2015

Eit lite kafébesøk før jobb

Når ein byrjar på jobb klokka tre, er det om å gjere å best mogleg utnytte dei timane før ein skal av garde. Sendte ei melding til ei av mine beste veninner i går for å høyre om ho hadde litt tid til eit kafébesøk i dag, og det hadde ho. Me møttest i sentrum og gjekk til kaféen Steam, for ikkje berre har dei god kaffi der, men også god is. Og med det varme vêret som me har her no, var is ein kjempegod idé :) Knallgod is frå Kulinaris, mykje snakk og latter og kjempeherleg sol! Sommaren har komme til Stavanger, i alle fall for nokre dagar. Ein veit jo aldri med vêret her på Vestlandet ;)

Legg igjen ein fin tanke