27. juli 2015

Ein liten tur rundt i Ålesund sentrum

Etter to og ei halv veke på reisefot (om ein ser bort frå dei tre små nettene me var heimom mellom Kråkerøy, Vinjerock og Sunnmøre), var det godt å sove i vår seng igjen :) Men eg skal ærleg innrømme at det var tungt å stå opp i dag, ete frukost og vere klar til jobb klokka åtte. Det gjekk jo likevel på eit vis ;) Vil berre få vise nokre bilete frå den lille byturen vår på torsdag. Frå Sjøholt til Ålesund tar det ein snau time med buss, og buss er jo eigentleg koseleg, og då særskilt når ein er på ferie. Me hadde ikkje nokre spesielle ærend bortsett frå å ta turen innom Jugendstilsenteret og kaféen Tante Bruun, og me hadde difor også tid til å berre gå litt rundt i sentrum og rett og slett nyte ferien. Etter bybrannen i 1904 blei Ålesund bygd opp igjen i jugendstil. Interessant å gå rundt på senteret, som forresten ligg i den gamle Apotekergaarden, og sjå inspirasjonskjelder og historikken for jugendstilen i Ålesund. Me var også innom kunstmuseet KUBE før me gjekk vidare til gågata og til kaféen. Gjekk i sakte tempo, tok litt bilete og plutseleg møtte eg på ei frå folkehøgskulen. Kjempekoseleg å sjå ho igjen! Åt god lunsj, drakk kaffi og delte eit kakestykke på Tante Bruun. Diggar interiøret der, så vel som maten og atmosfæren! No har me vore der tre gongar, og eg vil nok påstå at det er blitt eit fast stoppested når me er i den byen der, ja ;)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Kristine sa...

Ålesund er en så fin by! :)

Silje sa...

Har nok ein del å sjå og oppleve før eg verkeleg kjenner Ålesund, men ja, det eg har sett til no får meg til å ville sjå meir! Og kaféen Tante Bruun er for oss ein av favorittane ^^

Legg igjen ein fin tanke