31. jul. 2015

Å ete ute ein sommardag

Siste dagen i juli er snart over. Eg hadde også min siste jobbdag på Gamlingen i dag. Veldig rart å tenkje at om dryge to veker er anlegget stengt og om ein månad er dei i gong med å rive alt. Gamlingen finst snart ikkje meir. Men det er slik det er. No er det helg og eg skulle så gjerne ønskje at sola ville titte fram, akkurat slik me hadde det då me var ute på hytta på Kråkerøy. Kunne ete middagen ute, to dagar på rad, og også nokre vaflar med syltetøy på. Ute på terrassen. Det er sommaridyll, det! Har ikkje hatt slik vêr her på Vestlandet til no, men det er jo lov til å håpe at me får ein dag eller to før september kjem :) Ønskjer alle de som les dette ei kjempefin helg!

29. jul. 2015

Tre fine kjøp frå Kyrkjetorget

Ein fin tallerken og to søte koppar. Klarte ikkje å gå frå desse tinga då me var på Kyrkjetorget på laurdag. Dei kjem nok mest til å stå til pynt i bokhylla vår, men dei passar jo rett inn saman med desse grytene, tekanna, den andre lille koppen og den grønoransje tallerkenen. Koppane trur eg er frå Stavangerflint, og den nye tallerkenen er frå den svenske produsenten Rörstrand. Den tallerkenen som allereie stod i hylla er faktisk frå same produsent :) Eit morosamt samantreff! Må berre få tak i ei ekstra støtte slik at begge tallerkenane kan stå til pynt slik at dei kjem til syne :)

28. jul. 2015

Siste dagen på Sunnmøre

Laurdag var den siste heile dagen på Sunnmøre for denne gong. Me gjorde ikkje så veldig mykje den dagen, men ein tur ned til Kyrkjetorget blei det jo :) Fann nokre fine gryter som eg hadde kjøpt på flekken viss me hadde hatt plass i kofferten. Og den fine turkise sofaen hadde me også tatt med oss heim hadde det ikkje vore for at me hadde hatt eit problem med å frakte den heilt til Stavanger og det faktum at me allereie har ein god sofa. Kanskje neste gong?! Men me fann noko anna fint som eg enno ikkje har tatt bilete av :) Elles blei det pakking av koffert og sekk, me fekk gjort nokre sider på fotoboka, og me laga god heimelaga pizza med tilbehør som laurdagsmiddag. Før me la oss, måtte eg berre ta med meg kameraet ut og fange nokre bilete av den nydelege solnedgangen over fjella. Ei vakker avslutning på ei fin veke i barndomsheimen til mannen min :)

27. jul. 2015

Ein liten tur rundt i Ålesund sentrum

Etter to og ei halv veke på reisefot (om ein ser bort frå dei tre små nettene me var heimom mellom Kråkerøy, Vinjerock og Sunnmøre), var det godt å sove i vår seng igjen :) Men eg skal ærleg innrømme at det var tungt å stå opp i dag, ete frukost og vere klar til jobb klokka åtte. Det gjekk jo likevel på eit vis ;) Vil berre få vise nokre bilete frå den lille byturen vår på torsdag. Frå Sjøholt til Ålesund tar det ein snau time med buss, og buss er jo eigentleg koseleg, og då særskilt når ein er på ferie. Me hadde ikkje nokre spesielle ærend bortsett frå å ta turen innom Jugendstilsenteret og kaféen Tante Bruun, og me hadde difor også tid til å berre gå litt rundt i sentrum og rett og slett nyte ferien. Etter bybrannen i 1904 blei Ålesund bygd opp igjen i jugendstil. Interessant å gå rundt på senteret, som forresten ligg i den gamle Apotekergaarden, og sjå inspirasjonskjelder og historikken for jugendstilen i Ålesund. Me var også innom kunstmuseet KUBE før me gjekk vidare til gågata og til kaféen. Gjekk i sakte tempo, tok litt bilete og plutseleg møtte eg på ei frå folkehøgskulen. Kjempekoseleg å sjå ho igjen! Åt god lunsj, drakk kaffi og delte eit kakestykke på Tante Bruun. Diggar interiøret der, så vel som maten og atmosfæren! No har me vore der tre gongar, og eg vil nok påstå at det er blitt eit fast stoppested når me er i den byen der, ja ;)

26. jul. 2015

Tilbake til jobb, men fyrst ei lita liste

No er det gått nokre veker sidan førre sundagsliste. Men sånn blir det når ein er ute og reiser to og ei halv veke i strekk. Er no heime igjen i Stavanger, for i morgon tidleg er det av garde til jobb på Gamlingen. Har hatt ei fin veke på Sunnmøre sjølv om vêret ikkje viste seg frå si aller beste side ;) Og i og med at det er ei stund sidan førre liste, vil det vere ein del punkt på lista denne sundagen:

✦ dei fine konsertane, dei beste folka og den herlege stemninga på Vinjerock
✦ denne fine teksten med alle dei ulike og vakre svara på korleis dei veit at partneren er den rette
✦ høyre på Reiseradioen og plutseleg få høyre songen "Hyllest til Larkollen", ein song eg hugsar frå TV-serien Campingliv som gjekk på NRK tidleg på 2000-talet
✦ "50 saker en kan göra på sommaren för nästan inga pengar alls" hos Emma
✦ å kjenne skuldrene senkje seg og berre nyte roa på hytta ute på Kråkerøy
✦ fullt hus, skjønnaste elefantungen, "How 'Bout A Cup Cat of Coffee?", søte andungar og desse kattungane, alle hos cuteoverload.com
✦ finne noko fint på bruktbutikken Kyrkjetorget
✦ snart vere ferdig med fotobok frå turen vår i fjor
✦ at fine Ida delte Vinjerock-innlegga mine i dette innlegget
✦ gå ein tur ikkje langt unna barndomsheimen til mannen min, sjå ein kul sykkel med ein blomekasse og berre ta livet med ro
✦ eit fantastisk fargerik blogginnlegg hos Girl with Curves
✦ ete lunsj og drikke kaffi på kaféen Tante Bruun i Ålesund
✦ å finne kjærleiken sjølv om ein er sytti år gammal
✦ kose med finaste Jeremias
✦ shoppe ute på Devoldfabrikken og vere på utflukt ute på Alnes fyr og Giske kyrkje

24. jul. 2015

Vinjerock 2015 – del 3

Natt til laurdag regna det noko inni granskauen. Det dundra og tromma på teltet gjennom natta, men heldigvis heldt teltet seg tørt. Mesteparten av regnet gav seg utover dagen, men eit par byer kom det, blant anna akkurat då me sat og høyrde på Tønes. Etter å ha ete frukost inne i teltet, var me ein gjeng som gjekk bort til "biblioteket" i Vinjeparken. Der spelte me spel og åt litt av den knallgode isen dei selde. Midt på dagen blei det ein kjempefin, kjekk og bra konsert med Tønes, sjølv om himmelen opna seg ;) På veg tilbake til den fine, lille campen vår, måtte eg jo ta eit bilete av alle våre fine telt (vårt lengst til venstre, framme i biletet). Utpå kvelden blei det dansing på festivalområdet medan Miss Tati var på scenen, og så var det Highasakite sin tur. Kjempebra stemning! Må berre beklage dei litt ufokuserte bileta, men det er ei stund sidan sist eg brukte det lille kompaktkameraet mitt. Kom oss til slutt i seng, og på sundag var det tid for heimreisa. Pakka ned teltet og alle tinga våre og kom i gong med køyringa ca. klokka ti. Køyrde jo gjennom Lærdalstunnelen på veg heim også, stoppa så vidt innom Aurland, såg mange fossar, og sånn elles var det mykje lesing i NAF-boka, synging til musikken frå CD-ar og bittelitt soving. Vinjerock er over for i år, men får me tak i billettar, og det håper eg at me gjer, kjem me jo tilbake neste år :)

23. jul. 2015

Alnes fyr og Giske kyrkje

Ute på Devoldfabrikken i går fann eg ei kjempegod skalljakke frå Bergans og to fine genserar frå Moods of Norway. Mannen fann seg ei bukse og ein genser frå Moods og ei korterma ulltrøye frå Devold. Alltid kjekt å kunne finne fine og behagelege plagg til ein god pris ;) Har ikkje fått tatt bilete av plagga enno, men bilete frå resten av turen vår blei det jo. Etter å ha vore ein dryg time på Devoldfabrikken, køyrde me ut til Alnes fyr i øsande regn. Heldigvis blei vêret mykje betre etter kvart, sola dukka jo til og med opp. Ved fyret var me fyrst innom kaféen for ein kopp kaffi før me så kom oss opp i sjølve fyret. Små og smale trapper og mykje vind ute, men veldig fin utsikt, særskilt då me var heilt oppe. Inne i fyret var det også ei utstilling med vakre akvarellmåleri. Då me var nøgde med å sjå fyret og området rundt, køyrde me til Giske kyrkje, ei kyrkje frå ca.1130. Fekk ein guida tur rundt i den lille kyrkja, og det er jo alltid interessant med ei slik historie. Dei tre figurane på veggen er frå rundt 1200-talet medan altertavla er frå 1700-talet. Me var også ein svipptur innom Amfi Moa før me kom oss tilbake til Sjøholt då klokka var halv sju på kvelden.