23. juni 2015

Gåver til å ha på veggen

Til bryllaupet fekk me så utruleg mykje fint, og tre av gåvene var til å hengje på veggen. To er no hengt opp i stova. Den siste gåva, eit fint veggteppe laga av ei på Sjøholt, er hengt opp inne på gjesterommet. Rett ved heng måleriet som eg arva etter farmor, eit måleri som er måla av farfar. Biletet av bjørka er tatt av tanta mi, ho som også er veldig god på å lage nuperellesmykke. Me valde ut fire bilete frå nettsida og ønskte oss eit av dei på lerret i bryllaupsgåve. Kva bilete det blei, såg me ikkje før sjølve dagen, og no som det er komme på plass, er me supernøgde! Tusen takk for ei fin og flott gåve (og her kan de sjå endå meir, særskilt av smykkeproduksjonen)! Lyslykta rett under LP-klokka er også ei bryllaupsgåve :) Den andre gåva som også heng i stova, er ei teikning teikna av landskapsarkitekten Mary Reynolds. Fyrste gong eg la merke til Mary, var då eg i haust fekk MUNA, albumet til Markéta Irglová, i posten. Mary har nemleg laga så himla fine illustrasjonar inne i songheftet. Mamma hadde fått med seg at eg verkeleg fall for desse illustrasjonane, og tok kontakt med Mary i forkant av bryllaupet og spurte om ho kunne lage ei teikning til (og av) oss. Det er så mange detaljar på den teikninga, og det er spennande å lese Mary sine tankar om kva ho har teikna inn i biletet. Du kan tru at eg blei lettare sjokkert og rørt då eg skjønte kva gåva var og kven som hadde laga det. Ei heilt unik gåve, og både Mary og Markéta har delt bilete av teikninga på Facebook, noko me har sagt "ja" til fordi me synest det er fint å få vist det fram. Tre fantastiske gåver som no heng på veggane her i leilegheita. Me fekk jo også så utruleg mange andre merksemder, og eg vil berre få seie at me er så takksame for alle helsingar, kort og gåver!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

He, he - like før dere blir verdenskjendiser nå !
Flotte bilder - nå mangler bare det vi hadde i tankene men ikke fant, dessverre :-( Men kanskje kan det dukke opp før eller siden. Men da må dere nok ha en større leilighet med flere ledige vegger :-)

Silje sa...

Byrjar å få ein del på veggane våre no, ja ;) Så det liknar meir og meir på ein heim, vår heim :)

Legg igjen ein fin tanke