30. jun. 2015

Ein månad. Allereie.

Ein månad er gått. Eg kan ikkje skjønne kor desse dagane og vekene har tatt vegen. Me har vore mann og kone i ein månad allereie. Bryllaupsdagen kjennast nesten som ein draum, som om det ikkje var me som var brudeparet, men nokon andre. Det er litt merkeleg å tenkje på at dette faktisk har skjedd, at det var oss to den dagen handla om. Alle smila, dansing av brudevalsen, kakeeting, dei beste folka, kvit kjole, grå dress, kongeblå detaljar, den finaste brudebuketten. At eg sa "ja" til min besteven, at han sa "ja" til meg, at me nok ein gong valde kvarandre. I dag kom han heim med peonar til meg, gav meg eit kyss på panna og gratulerte meg med einmånadsdagen. Verdas beste! Me har så mange bilete å sjå på for å minnast dagen, både frå gjestar (det øvste biletet) og frå fotografen vår (det nedste). Det er faktisk ingen draum, det var oss det handla om den dagen 

29. jun. 2015

Kakebordet


Eg lova jo å leggje ut nokre bilete av kakebordet vårt frå bryllaupsfesten på Kronen Gaard. Sjølv tok eg ekstremt lite bilete den dagen i håp om at andre tok seg av den biten. Og der hadde eg rett ;) Har fått ein heil haug med bilete som broren min tok og også ein stor haug frå han eine onkelen min. Bryllaupskaka var ei sjokoladekake i to etasjar frå Kakekompaniet, pynta med sukkerpasta i kvitt og nyansar av grønt. Den nedste etasjen var fylt med sjokoladekrem, den andre med bringebær. Ei utruleg god kake, og den var nesten endå betre dagen etterpå! Kaketoppen hadde me kjøpt i denne Etsy-butikken, og den gjorde jo heile kaka! Kransekaka var laga av ei veninne av mamma, og sidan den var på omtrent trettiein ringar, stod den litt skakt. Men så klart smakte den godt likevel :) Fin og god marsipankake med namna våre på, fyrstekake, marengskake, bær og nokre andre kaker. Eg smakte faktisk berre på tre forskjellige på dagen, for tankane mine var heilt andre plassar enn på mat, drikke og kake, det skal eg ærleg innrømme. Men – det er då det er bra med restar, så eg fekk dimed smakt litt på ein del av det andre dagen etterpå :) Må få takke mamma for dette flotte kakebordet, for det var ho som hadde stålkontroll på det området ;)

28. jun. 2015

Jobbveke og svanetreff

Mamma, pappa og broren min har nettopp vore ein tur på kaffibesøk. Mannen min hadde jo bursdag førre veke og broren min hadde bursdag i går, så då var opning av nokre gåver og slikt no i kveld. Alltid koseleg med litt besøk! Besøk hadde me også i går kveld av eit venepar, og me hadde det så utruleg kjekt! Har jobba nesten kvar dag denne veka, så det var godt med litt fri i dag slik at me kunne gå ein tur, gjere litt husarbeid og elles berre slappe litt av (og så har eg fri både i morgon og på tirsdag). Akkurat slik ein sundag skal vere. Blei visst ein del på sundagslista denne veka:

✦ ha besøk av vener med latter, heimelaga pizza og speling av eit nytt spel :)
✦ kunde som plystra på "When the Saints Go Marching In" på veg ut frå svømmeanlegget
✦ kunne gjerne ha stelt i stand bryllaup ein gong til og valt nokre av desse fine fargane som gjennomgangsfargar
✦ ei svanemor med svaneungar på veg til jobb tidleg måndagsmorgon
✦ at USA har fått ekteskapslikestilling i alle delstatar
✦ kule og surrealistiske bilete og denne utruleg rørande bileteserien
✦ sjå gjennom ein haug med bilete frå bryllaupet som onkelen min har sendt til oss
✦ ei topp ti-liste over songar frå Melodi Grand Prix der både "Fairytale" og "Waterloo" er med
✦ møte på svanefamilien heile fire gongar i løpet av veka
✦ å lese denne saka om sommar og kroppsbilete
✦ prøve å bli vand med å seie "mann" og "kone"
✦ fine, søte og herlege selungar
✦ sitje på kafé ein snau time før jobb med ein kaffi latte, Harry Potter-boka på bordet og høyre kjenningsmelodien frå filmen Le fabuleux destin d'Amélie Poulain
✦ plassar frå Harry Potter-filmane som ein kan reise til, og denne om J.K.Rowling

26. jun. 2015

Fire på rad

Rundt Mosvatnet finn ein både kråker og måker i fleng saman med svaner og ender. Det er vel ikkje til å leggje skjul på at det i mine auge er dei sistnemnde som er dei finaste. Når dei i tillegg er små, er dei endå finare og skjønnare! Hadde med meg kameraet då me gjekk ein tur rundt vatnet på onsdag, for kanskje traff me på små ender eller svaneungar. Me traff på både svaneungar og (litt store) andungar. Svaneungane åt litt gras på rekkje og rad medan svanemora stod og passa på. Særskilt redde var dei ikkje, men slik blir det vel når dei ser menneske rundt vatnet kvar einaste dag. Endene låg i ein klump og kvilte, tett i tett. Ein fin tur rundt vatnet i slutten av juni.

25. jun. 2015

Kaffifilter + mønster = roser

Eit ord som "mønster" kan bety så mykje, og ein kan tolke det på ulikt vis. Når temaet for denne månaden av Monthly Makers viste seg å vere mønster, har mange tankar og idéar surra og gått oppe i skallen min. Skulle eg lage ein collage på eit vis av mønstre frå serviettar, skulle eg lage eit mønster med penn og papir? Eller skulle eg tolke oppgåva slik at eg laga noko utifrå eit mønster? Eg gjekk for sistnemnde. Grunnen til det var nemleg at eg ville lage noko fleire kaffifilterroser sidan eg gjorde litt feil sist gong. Mønsteret for rosene er henta frå Martha Stewart, og mønsteret finn de her. Eg har ført over mønsteret på bakepapir og så limt dei oppå papp og klipt ut. På den måten har eg hatt solide malar då eg skulle klippe ut alle roseblada i kaffifilter (og nei, dette er på ingen måte "sløsing" av kaffifliter fordi me ein gong kjøpte for små kaffifilter som me ikkje får brukt til så mykje anna). Når det gjeld sjølve "steg-for-steg"-oppskrifta, synest eg Stine forklarer det veldig bra. Og den bloggposten kan de finne her. Med mykje teip, q-tips og litt grøn ståltråd satte eg i gong med å lage to roser. Byrja med dei minste blada, surra dei rundt q-tipsen og fekk teipa dei fast, litt etter litt. Då alle blada var på plass, festa eg på litt grøn ståltråd som ein slags stilk og måla roseblada grøne med konditorfarge blanda ut i vatn. Medan blada enno var litt fuktige, tok eg ein tynn grillpinne og rulla blada litt slik at dei ytste fekk ein liten bøyg. Til slutt sette eg dei oppi ein vase, og - voila! Evigvarande roser i heimen. Dette er mitt bidrag til junitemaet av Monthly Makers.

24. jun. 2015

Eit kaffiservise med søte, blå blomar på

Etter å ha spist ein god salat til middag på sundag, tok me opp litt av bryllaupskaka frå frysen og hadde den til dessert sidan me hadde besøk :) Kaka frå Kakekompaniet var framleis god (skal vise bilete av kakebordet etter kvart), og så fekk me innvigd eit av servisa som me kjøpte på Kyrkjetorget i fjor. Serviset er som nemnt eitt av tre som no står i skapet i skjenken vår. Kanskje er mønsteret litt sukkersøtt, men eg liker det framleis like mykje no som då me kjøpte det for over eitt år sidan :)

23. jun. 2015

Gåver til å ha på veggen

Til bryllaupet fekk me så utruleg mykje fint, og tre av gåvene var til å hengje på veggen. To er no hengt opp i stova. Den siste gåva, eit fint veggteppe laga av ei på Sjøholt, er hengt opp inne på gjesterommet. Rett ved heng måleriet som eg arva etter farmor, eit måleri som er måla av farfar. Biletet av bjørka er tatt av tanta mi, ho som også er veldig god på å lage nuperellesmykke. Me valde ut fire bilete frå nettsida og ønskte oss eit av dei på lerret i bryllaupsgåve. Kva bilete det blei, såg me ikkje før sjølve dagen, og no som det er komme på plass, er me supernøgde! Tusen takk for ei fin og flott gåve (og her kan de sjå endå meir, særskilt av smykkeproduksjonen)! Lyslykta rett under LP-klokka er også ei bryllaupsgåve :) Den andre gåva som også heng i stova, er ei teikning teikna av landskapsarkitekten Mary Reynolds. Fyrste gong eg la merke til Mary, var då eg i haust fekk MUNA, albumet til Markéta Irglová, i posten. Mary har nemleg laga så himla fine illustrasjonar inne i songheftet. Mamma hadde fått med seg at eg verkeleg fall for desse illustrasjonane, og tok kontakt med Mary i forkant av bryllaupet og spurte om ho kunne lage ei teikning til (og av) oss. Det er så mange detaljar på den teikninga, og det er spennande å lese Mary sine tankar om kva ho har teikna inn i biletet. Du kan tru at eg blei lettare sjokkert og rørt då eg skjønte kva gåva var og kven som hadde laga det. Ei heilt unik gåve, og både Mary og Markéta har delt bilete av teikninga på Facebook, noko me har sagt "ja" til fordi me synest det er fint å få vist det fram. Tre fantastiske gåver som no heng på veggane her i leilegheita. Me fekk jo også så utruleg mange andre merksemder, og eg vil berre få seie at me er så takksame for alle helsingar, kort og gåver!

22. jun. 2015

Sundagstur på nye stiar

Ute på ordentleg sundagstur i går med mannen min og også broren min som var på besøk hos oss i helga. Me kom oss over Strømsbrua, vidare gjennom Storhaugtunnelen og så til Lervik og Breidvika. Der hoppa med fyrst på nokre små trampolinar før me gjekk oss ein tur på ein grusveg på Egeland med sjøen på den eine sida og skogen på den andre. For eit utruleg fint område! Eit lite fyr, mykje grønt å sjå, fine badeplassar og like fine blomar, blomar som me såg rett ved Rosenli og Ramsvik kolonihage. Stilig måleri på ein elles keisam vegg og artige ord på ein annan vegg. Før me drog heim, åt me ein veldig god lunsj på Ostehuset Øst der sporvane ikkje var langt unna.

21. jun. 2015

Mykje fint ei veke i juni

jkljkljlkjlkI morgon er det tidleg opp. I morgon klokka åtte startar sommarjobben. Også i år blir det på Gamlingen (har jo jobba der litt innimellom gjennom skuleåret, sist no på onsdag), og det blir det siste året. Neste år finst ikkje Gamlingen meir. På grunn av Ryfast må dei rive Gamlingen, så det blir jo litt vemodig når sommaren er over. Men det kjem heldigvis eit nytt utebad ikkje så langt unna det opprinnelege i løpet av 2017. Uansett. Denne veka har vore så kjekk med bursdagsfeiring, sol og fint vêr, bryllaupsbiletetitting, spelekveld og besøk i helga av broren min. Håper på endå meir sol, sommar og fine kveldar i vekene som kjem. Mykje fint på sundagslista denne veka:

✦ ete på restaurant på mannen min sin trettiårsdag, og rekninga var pakka inn i eit "reisebevis" ;)
✦ Opeggen gård – den fine heimesida til eit venepar av oss
✦ sitje ute på balkongen med lunsj og Harry Potter-bok i fanget; for eit nydeleg vêr!
✦ at blant anna Billy Boyd blir nemnt i denne lista med "actors who are unexpectedly good singers"
✦ spelekveld med eit venepar og broren min, ein veldig kjekk måte å starte helga på :)
✦ "16 faser alle som har kjøpt IKEA-møbler går igjennom"
✦ kombinert gå- og sykkeltur til Badedammen for å hente bryllaupsbileta våre
✦ ein orangutang som passar på små tigerungar og denne bileteserien med ein kanin i hovudrolla
✦ få litt kake på jobb etter at nokon hadde bursdagskakerestar
✦ å hekle eit enormt Super Mario-teppe og denne historia om bamsen som har vore på eventyr
✦ gå sundagstur på ukjente stiar saman med mannen og broren min :)
✦ dette huset og denne lille Harry Potter-referansen
✦ sett på bryllaupsbileta våre og mimra tilbake til den store dagen nokre gongar allereie
✦ redigere bilete og lage fotobok frå turen vår i fjor

19. jun. 2015

Finaste plakaten og morosame nattluer

Inne på soverommet vårt har me fått hengt opp den fine plakaten som hang på bilen me sat på i mellom kyrkja og festlokalet. Den er laga av våre fine tante- og onkelbarn, dei me besøkte i januar. Saman med foreldra, min svoger og svigerinne, hadde dei pynta bilen med norske flagg, silkeband og det fine, heimelaga skiltet, eller plakaten om ein vil. Kjekt og veldig koseleg å kunne hengje det opp inne på soverommet på ein elles veldig kvit og keisam vegg. Eit veldig fint minne frå ein heilt fantastisk dag. Og i same slengen så må eg jo berre vise dei fine nattluene me fekk av tante og onkel på mi side. Er me litt sure på kvarandre før me legg oss, kan me berre ta på oss luene og vise dei til kvarandre, så slepp me å snakke saman. Me har heldigvis ikkje trengt å ta dei i bruk enno ;) Feira mannen med restaurantbesøk i går, og i dag blir det spelekveld med broren min og eit venepar av oss. Med andre ord: ein veldig kjekk start på helga! Ønskjer alle lesarar ei kjempefin helg :)

18. jun. 2015

Bursdag i heimen :)

Min betre halvdel, han fine som eg no kallar mannen min, har bursdag i dag. Og det er ikkje kva som helst bursdag; han blir nemleg tretti år. Tida flyg utruleg fort. Det er jo ikkje lenge sidan han var tjuetre og me nettopp hadde blitt i lag. Eg vil berre få seie kor takksam eg er for å ha deg i livet mitt, kor mykje du lyser opp ein grå dag, kor mykje latter du får fram i meg ;) Du er mi støtte kvar dag og eg er så himla glad for at me no er mann og kone, at me har lova å vere der for kvarandre både i gode og onde dagar. Gratulerer så mykje med dagen, mannen min! Eg elskar deg 

17. jun. 2015

Vårt nye, gamle møbel

Hugsar de at me i påska i fjor kjøpte denne skjenken på Kyrkjetorget? No er den endeleg komme i hus. Svigers fekk den med i bilen då dei køyrde hit til bryllaupet. Skjenken mangla jo bein til å stå på, men det fekk mannen min og svigerfar fiksa i fjor sommar, så no er den klar. Me kjem kanskje til å måle beina i og med at det er eit heilt anna treverk enn resten av skjenken, men det får me ta litt etter litt. Skjenken passar perfekt ved sidan av sofaen vår inne i stova. Lampa er kjøpt på loppemarknad i fjor haust og no har den endeleg fått den perfekte plassen å stå. Lysestakane fekk me av broren min til bryllaupet, og det som er det geniale med dei er at ein kan bruke dei til telys også. I skapet i skjenken har kaffiservisa våre frå Kyrkjetorget fått plass i tillegg til det nye kaffiserviset Anmut Platinum som me hadde ønska oss til bryllaupet. Eit heilt perfekt møbel!