3. mai 2015

"Kom mai, du skjønne milde"

Tida fyk så utruleg fort, og no er me i mai månad allereie! Ferien startar om to og ei halv veke, og om berre fire veker er me mann og kone! Må nesten klype meg sjølv litt i armen, tenk at me snart er eit ektepar! :) Mai månad kjem til å vere over på ein blunk med, som nemnt, oppgåveskriving, konfirmasjon, grunnlovsdag og bryllaup. Men heldigvis er det aller meste kjekke ting, så eg trur det kjem til å bli ein fin månad :) Har vore på jobb både i går og i dag, og sånn elles har det vore oppgåveskriving i fokus denne helga. Men eg fekk heldigvis ein liten pause i går kveld med god heimelaga pizza og komedie A Shot in the Dark, ein Pink Panther-film med Peter Sellers i spissen. Sjølv om dagane går fort, har eg jo fått laga ei lita sundagsliste i dag også:

✦ at det berre er ein snau månad til me giftar oss!
✦ samleinnlegget for Monthly Makers april hos Elsa Lisa (blant anna mitt bidrag), og dette nydelege broderiet hos Alicia
✦ å få lyst til å brodere når eg ser så fine broderiprosjekt (kanskje det er det eg skal gjere når mai månad er over og ting byrjar å roe seg?!)
✦ å endeleg ha levert den eine av to heimeeksamenar :D
✦ rare, men fine otrar, skjønn kanin og ein liten kattunge som leikar med to dalmatinarar
✦ god, heimelaga speltpizza, kjekk film og god armkrok
✦ "Silence, I Clean" og "33 Unbelievable Places To Visit Before You Die" hos themetapicture.com
✦ gå tur både rundt Mosvatnet og rundt Vannassen, i herleg vårvêr, hand i hand med den finaste
✦ veldig kjekt å sjå og lese om denne "leikeplassen" som no er komme på Sola ungdomsskole, den skulen eg gjekk på ein gong i tida
✦ "Hvem får leve og hvem får ikke?" – eit viktig innlegg og så utruleg fine bilete, ei sak som både bør lesast og sjåast!
✦ lese litt vidare i Harry Potter-bok nr.seks når eg treng ein pause frå oppgåveskrivinga
✦ ein herleg og morosam bileteserie :)
✦ at det er ordentleg vår, min favorittårstid

Legg igjen ein fin tanke