15. apr. 2015

Skriftspråk og saktekstar om kvarandre

Dette kjem til å bli utsikta min dei nærmaste dagane, for ikkje å seie vekene. Eller la meg seie det sånn: eg skal i alle fall prøve å få det til å sjå slik ut. Det der med eksamenstid, og då særskilt heimeeksamen kor ein skal skrive x ord på x dagar, er ikkje berre berre og i realiteten blir ikkje dagane alltid like effektive og produktive som ein skulle ønskje. Men med to oppgåver parallelt, jobb annakvar helg og så klart litt bryllaupsplanlegging (oi, det nærmar seg veldig!), må eg forsøke å få noko ut av dagane mine. Men med litt musikk og kaffi attåt, blir det heile litt enklare :)

Legg igjen ein fin tanke